onsdag 19. november 2008

134*

Salme 134.


Dette er ei av dei korte salmane i Bibelen. Også denne er anonym og skulle nyttast ved festreisene. Det er ei oppmoding til lovsong, men det ligg noko spesielt i denne salmen.

.

Det er Herrens tenarar som skal lova Herren. Og det gjeld nokre spesielle tenarar i heilagdomen: ”De som står i Herrens hus om nettene.” Nokre prestar hadde teneste om natta i tabernaklet og templet. Det gjaldt m. a. elden på altaret som aldri måtte slokna. Ein stadig eld måtte vera tent, 3. Mos. 6, 6. Det ei oppmodig til alle truande i vår tid om at trua sin eld må brenna.

.

Natta kunne bli lang og einsam. ”Tida går seint,” heiter det. Då måtte dei ikkje gløyma å synga lovsong til Herren. Det var samtidig ein måte å halda seg vaken på. Sjølve songen gjorde at dei var vakne. Det var mange tenarar på vakt. Rabbinske skrifter seier at det var 240 prestar og levittar om natta som gjorde teneste. Dei var fordelte på 21 postar. Over heile tempelområdet var det m.a. ord vaktmenn som passa på at alt gjekk vel føre seg og ingen framande trengde seg inn. Det skapte tryggleik for heilagdomen.

.

Ser me på vår tid her, ser me straks likskap. Det er mange område i Guds rike kring i landet på ulike stader. Framande kan lett koma inn og gjera stor skade. Til alle tider er det difor viktig at det er vaktmenn – alle stader i Guds rike.

.

Er det nokon i di bygd og i din kyrkjelyd som er vaktmann? I seine nattetimar kan nokre sovna inn og skade er skjedd. Nokre må vekkja dei. Me må minna kvarandre om Guds ord og lovar, forkynna og synga om Guds frelse og fridom. Lat ingen sovna inn der me bur.

.

Lyft hendene, står det. Det var ofte bønestillinga. Det var som å peika opp mot Gud og ropa til han: Herre, hjelp oss, kom til oss, hald oss og alle andre vakne nå.

.

Den som slik er med i Guds teneste – natt og dag, får velsigning frå Sion, Guds evige bustad. Lat oss og vera trufaste der me er sette som tenarar. Amen.

Ingen kommentarer: