onsdag 26. november 2008

13.*

Salme 13.


David har skrive denne salmen og. Her er både klage og bøn. Han er ikkje så heilt viss i si sak, og be difor om lys over vegen. Her er fleire sider ved kristenlivet som me kan ta fram:

.

1. Han kjenner seg gløymd av Gud.v. 2.

Han har gått lenge på denne måten. Det er tunge dagar når me kjenner oss utafor Guds samfunn. Det minner om salme 22 der han seier: Kvifor har du forkasta meg? Der var han profet og tala om Messias som skulle ta all verda si synd på seg. I Det Nye Testamentet ser me at Jesus brukar det om seg sjølv. Det var i den stunda han sona all verda si synd og skulle døy som straff for vår skuld.

.

Gjennom livet kan eit Guds barn mange gonger tenkja slik: Det er så tungt og kaldt og vanskeleg, Gud må ha gløymt meg. Han skjuler seg, og kanskje er han vreid på meg. Eg har ikkje vore slik eg burde vera og lever ikkje så fint og godt som ein kristen skulle. Nå har han forlate meg og. I v. 3 viser David at han har tunge tankar og sorg i sitt inste. Ja, heile dagen fyller sorga han.

.

Han merker og at verda frydar seg over dette. Det er alltid vondt når nokon ler av oss eller synes me fortener nederlag. Og det vil vanæra Gud om den vonde vann over oss, som Spurgeon skriv. Difor be han om hjelp nå.

.

2. Han ber om hjelp, v. 4.

Heile hans indre har nok vore eit rop til Gud om hjelp. Og av di han kjenner seg gløymd av Gud, ropar han nå: Sjå hit, Herre. Vend deg til meg. Ikkje vis meg frå deg. Og gi meg eit svar.

.

Lys opp augo mine – slik at eg ser din veg med meg. Eg skjønar ingen ting av min lagnad. Kan du ikkje visa meg litt av grunnen til at eg må gjennom dette. Hald meg vaken i denne trengsla så eg ikkje sovnar. Og åndeleg søvn fører oss inn i evig død. Då er alt tapt.

.

3. Hjartefryd, v. 6.

David kjem ut or trengsla og motgangen. Nå set han si lit til sin Gud. Og det er Guds nåde og miskunn han liter på. Då er alt Guds verk og all ære går til han. Då trur han ikkje at han sjølv er verd ei løysing og fortener hjelp. Då er alt gave frå Gud.

.

Då er også gleda større og reinare. Eg er berga ved det Gud har gjort. Då er hjelpa nok og best. Og frelsesfryden er ikkje med ord i song og tale. Det er mitt indre som takkar Gud og prisar han og gleder seg: Tenk, eg er fri. Og når hjarta bryt ut i ytre lovsong med ord, er det sanne og reine tonar.

Hjelp oss, Herre, til å leva der alltid. -

Ingen kommentarer: