tirsdag 25. november 2008

70.*

Salme 70.

.

Dette er ei David-salme og er skriven til ”påminning”. Det er noko han vil at me skal hugsa, som ordet tyder. Og det er mange ting me burde hugsa av det Bibelen lærer oss. Noko av det ligg gøymt i desse få versa.

.

Denne salma frå v. 2 er mest ordrett det me finn i Salme 40, 14-18. I alle høve noko av den salma er om Messias – v. 7-9 som er sitert i Hebr. 10, 5-10.

.

1. Først be han, v. 2.

David er tydeleg nok i naud. For nå be han om utfriing. Det gjer han forresten ofte i salmane. Og det er truleg eit gjennomgangstema hjå oss alle. Menneskelivet er ikkje alltid lett, og somme har fått meir motgang og vanskar enn dei fleste andre. Det kan vera sjukdom, plager av andre menneske eller vanskar med trua på Gud.

.

Då ser David ein utveg: Han kan be til sin Gud. Kom og fri meg ut, seier han. Og nå hastar det. Han føler det må skje ganske snart. Dei står han rett og slett etter livet. Herre, du må skunda deg nå. Kom straks med hjelpa. Dette held eg ikkje ut meir. Nå treng eg hjelp.

.

Kor ofte har me ikkje tenkt slik. Me hadde kanskje meir hastverk enn Gud. Livet vart så uuthaldande. Me og fekk ei utløysing i å ropa til Gud.

.

2. Gud må tukte motstandarane, v. 3-4.

Det er menneske som gjer han vondt og vil ta livet hans. Her er det ikkje sjukdom og sjelenaud. Sjølv maktar han ikkje å stagga dei og komma bort frå dei. Du, Gud, må gripa inn nå. Lat dei verta til skammar! Ta dei bort frå meg.

.

Han seier ikkje kva Gud konkret skal gjera med dei. Det må han avgjera sjølv, for han veit det best. Men, Herre, vis deg for deg og gjer at dei må skamma seg. Og det gjer me når me ser at me har gjort noko galt. Difor må Gud overtyda motstandarane om det.

.

3. Guds barn har glede, v. 5.

Bøna nå gjeld alle dei truande, dei som søkjer Gud og elskar hans frelse. Dei må du gi glede og fryd i livet! Her er det ikkje tale om menneskeleg glede og lovsong. Det er den himmelske lovsong me merkar her. Den tek til i eit syndarhjarta som møter Jesus til frelse. Då tenner Gud ein takk og glede i oss.

.

Me veit me er fattige og arme åndeleg talt, Det kan me aldri nekta, v. 6. Men Herren har hjelpt oss ved å tilgi all synd og gi oss ei ny og fullkommen rettferd. Då kan me kalla han vår frelsar. Då kan me ikkje leva utan han. Difor er det hast i sjela vår. Kom, Herre, og kom snart.

.

Ingen kommentarer: