onsdag 26. november 2008

15.*

Salme 15*

David skildrar korleis den må vera som skal kunne stå i samfund med Herren, 1-5.
Spørsmålet er: Kven er ein kristen? Kven blir frelst og kjem til himmelen? Det er hovudsaka for oss, og eit livsviktig spørsmål.

1. Det er mange meiningar om det.

Heidningane har lage seg sjølv gudar og dei ottast æva. Korleis skal dei gå klar ulukka? Humanetikarane lever eit fint liv og seier til seg sjølv, til unge og gamle: Døden er slutten! Og dei trur at då har dei sagt alt og kjenner likevel ikkje slutten. Mange religiøse samlar ein kapital av gode gjerningar, bøner og offer. Ved arbeid for Gud skal dei prøva å vinna Gud. Dei ser ikkje at alt dette er forgjeves. Og mange verdslege, vanlege menneske i landet vårt bryr seg ikkje. Dei lever for dette livet for å få mest mogeleg ut av det. Og etter kvart merkar dei tomheten i det jordiske, og sume kastar seg endå lenger ut i verdslege lyster og sysler.

Men nokre ser: Ingen ting er godt nok – i oss menneske. Me treng noko meir enn det me kan prestera. Så leitar dei etter fred og meining med alt.

2. Kva er Guds meining? V. 2.

Spørsmålet er: Kven kan vera heilt rettferdig og ustraffeleg? NT svarar her: Berre ved tru på Kristus. Det er ikkje noko godt i oss. Me må få det. Og Bibelen har mange ord for dette:

Rom. 3, 28.
Rom. 4,4 5.

Me prøver å byggja vår eiga rettferd på vårt eige liv. Det gjorde mange jødar i gamle dagar: Rom 10, 3. Fåren er at me kan stola på vår ytre gudsdyrking og gode liv. Difor kjem denne åtvaringa her: Kven?

Salme 24, 5-6. Han får velsigna dei som spør etter han. Dei gjev han ei evig rettferd.

3. Men livet nå?

Guds ord lærer oss at me skal leva rett her i verda, sjølv om me ikkje verte frelste ved det. Det er ikkje billett til himmelen, men det kan vera eit lys for andre på vegen. Og så skal me æra Gud med livet vårt.

Berre dei gjenfødde kan leva slik. Ingen talar sanning av seg sjølv. Rom. 3,4. Me må først få ein ny skapning og eit nytt liv i Gud, ein ny lyst og ein ny vilje. Dermed får me òg ny kraft til livet. Guds ord og vilje er rettesnor for oss, sjølv om det aldri vil lukkast fullkoment for oss.

Her er det forholdet til nesten, v. 3. Det viser vårt forhgold til Gud. Om kristendomen er ekte eller om det er tomt snakk. Her skal me prøva oss sjølve.


Ingen kommentarer: