onsdag 26. november 2008

29.*

*29, 1-2 + 11. Gi Herren ære.

Her er tale om Guds søner – det må vera englar, jfr. Job. 1. 6.

Her får me ei oppmoding til å audmjuke oss og æra Gud. Og det tyder å la Gud få makt i livet vårt og ikkje lita på oss sjølve. Og då må me leva heilagt som det står i v. 2: tilbed Herren i heilagt skrud. Og det er gode grunnar for å gjera det – dvs. leva etter Guds vilje og plan.

.

a) Først avdi Gud er større enn oss alle, v. 3-9. Det ser me av Herrens røyst som lyder ut over jord og gjer store ting. Når røysta hans kan alt det, kva kan ikkje armen hans?

.

b) Dinest: Gud gjer for oss og gitt oss alt, v. 9. Alt i hans tempel seier: Ære. Det er han som gjer at dyra får kalv og at skogane blir snaue. Spurgeon seier at våre første foreldre – Adam og Eva – søkte tilflukt mellom trea. Men Herrens røyst fann dei og gjorde at dei skalv. Det var ikkje lenger noka tilflukt eller gøymestad der. 1. Mos. 3, 8-13. Den rette innstillinga vår er å sjå alt som Guds verk og gi han ære for alt i livet vårt.

.

c) Gud er ein evig konge, v. 10. Han har all makt over menneske, dyr og natur som på Noahs tid. Han trona då vassflaumen kjem, og han er konge med all makt til evig tid. Me har vanskar med å sjå det og erkjenna det. Menneska vil vera konge sjølv – både i sitt eige liv og for andre. Menneska lir av herskesjuke. Jesus sa til læresveinane sine før han forlet dei: Eg har fått all amkt i himmel og på jord. Mat. 28.18. Det er vår tryggleik.

.

d) Gud gir kraft nok, v. 11. Men det gjeld berre hans eige folk. Det er dei som audmjukar seg og gir livet sitt til Gud. – Då skal me få all den kraft me treng gjennom heile livet. Og gjennom alt me møter får me oppleva og tru velsigninga over livet vårt. Det gir oss ein trygg og underleg fred – som verda aldri kan ta frå oss. – Og denne krafta er også nok for den tenesta me fekk av Herren. Der merker me og velsign inga og freden: Når me får stå i staden for Kristus.

.

Ingen kommentarer: