onsdag 26. november 2008

12.*

Salme 12


David klager over den almindelige fordervelse, troløshet og overmot, og beder Herren om hjelp derimot, 2-5. Herren tilsier ham sin hjelp, og han uttaler sin faste fortrøstning til den, 6-9.

Salme 12, 7.*

Guds ord - er Bibelen.

Han er pålitande, utan feil. Me kan leva på han og døy. Gud har talt det og reinsa det skrivne ordet, 7 gonger – grundig og guddommeleg.

Du treng ikkje tvila. Slik er det. mange stader i Bibelen er det sagt:

1) 2. Timoteus. 3, 16: Heile Skrifta er inspirert – alt er dermed rett. Det står i ”Skrifta”, det er nedskrive!

v. 15: Det kan gjera deg vis til frelse. KJN: har kraft til å gera deg vis til frelse. Du finn vegen til Gud og frelsa i Bibelen.

2) Hebr. 4, 12: Guds ord er levande og kraftig og skarpare enn---. Det treff oss, det sårar, dømer synda. Men det har kraft til å frelsa og løysa frå synda. Svaret er alltid Jesus. han er Ordet. Joh 1.

3) 2. Pet. 1,21: Dei heila Guds menn tala drivne av Guds Ande. Dei fekk det av Gud, dei var heilage menn og stod slik i kontakt med Gud.

Avgjerande er ikkje gallup, det folk og vener eller VG seier og meiner. Alt dette skifter med tida Kva då? Utan kompas går det galt.

Viktig for oss og heile kristenverda: Den einaste rettesnor er Guds skrivne ord, ikkje kva eg føler er rett. Vil me vera kristne, må me fylgja det.


Ingen kommentarer: