onsdag 26. november 2008

34.*

34, 6. Dei såg opp til han.


Det handlar om å sjå. Det gjer noko med oss. Me kan sjå på oss sjølve – eller på andre. Og det er heilt andre tankar me får, alt etter som me ser.


1. Eg har sett på meg sjølv mange gonger – og der ser eg synd og feil og nederlag. Til lenger inn i hjarta og sinn eg ser, til svartare blir det.


2. Resultatet av det blir mykje negativt: Eg vert tung og mørk og kritisk til andre. Åndeleg sett blir det lite lovsong og takk. I slike stunder blir det lite stråler og glede og gode vitnemål.


3. Då har eg vore redd. Tenk om eg er ført vill, at eg ikkje er ein sann kristen. Korleis kan eg vera det når eg er så sjølvoppteken? Eg har ikkje vist den kristne gleda. Eg har ikkje vore eit lys for Jesus.


4. Men eg har hug til å lysa og vera ein glad kristen og kanskje visa nokon heim til Gud. Då syng eg for meg sjølv: Eg ville gjerna eiga ei tru så sterk og stor, ei tru som kunne synast i gjerning og i ord. – og lysa med litt av same glans som Han! Men det har eg gjort så lite. Kvifor er det slik?


5. Då les eg her: Dei såg opp til Han. Då stråla dei av glede. Så får eg og lyfta blikket opp frå meg sjølv og mi synd og sjå på Jesus. Eg ser Jesus – på Golgata. Han heng på krossen - for meg. Det var mi synd han sona og betalte. Men – er synda sona og betalt – då er ho vekk. Ho er ikkje hjå meg meir. Det får eg lov å tru – der i synet på Han. Difor sit eg lenge der – og berre ser.


6. Det er likevel sant: Livet mitt lukkast så lite. Eg må skamma meg av meg sjølv og alt mitt. Men nå er eg gøymt i Jesus med all mi skam. Då ser eg noko nytt: Ein dag skal eg vera heime hjå Gud – og då slepp eg å skamma meg over mitt liv. Då er eg mellom dei fullkomne, og eg er sjølv fullkomen i all mi ferd.


7. Ennå har eg ei bøn og ein lengt: Tenk om eg fekk visa ein syndar fram til Jesus, så han og fekk sjå det – og stråla av glede!

.

Ingen kommentarer: