tirsdag 25. november 2008

93.*

Salme 93, 5.


”Dine vitnemål er fullt stadfeste, står det.

Og Guds vitnemål er Guds ord. Der vitnar Gud at noko er sant. Ikkje alt i verda er det. Etter syndefallet er det mykje løgn og hykleri mellom menneska. På ein måte kan me seia at alt er løgn, særleg i religiøse spørsmål.

.

Men Gud har sagt at han vitnar om det sanne. Og han har stadfesta ordet sitt slik at me skal sjå klårt at det er sanning. Hans vitnemål er pålitande, seier NO-78. Det står fast.

.

Tidlegare i salma har han tala om eit par andre faste saker. I v. 1 seier han at jorda står fast og rikkast ikkje. Sett frå ein menneskeleg synsstad, er det sant. Me kan ikkje tenkja oss at jorda skal flytta seg eller koma i ulage. Då ville alt ramla.

.

Vidare skriv han i v. 2 at Guds trone er fast frå æva av. Slik må eit menneske tenkja. Ein Gud som har skapt alt må vera trygg og stå støtt i alt. Dersom ikkje hans reike og styre står seg mot menneska og dei kreftene han har skapt, er han ingen Gud. Men den trona står fast.

.

I v. 5 kjem så ordet som ein konklusjon på alt dette: Guds ord er også fast. Hans vitnemål er det same til alle tider. For sanninga kan ikkje endra seg slik folk ofte gjer. Guds ord er like fast som jorda og Gud trone. Då er det trygt og sikkert og sant. Det kan ikkje endrast på nokon måte. Living Bible omset det slik: Det kan ikkje endrast.

.

I ein gamal Bibel frå 1699 står det slik: Ditt ord er en rett lærdom. Slik er det. Vil me kjenna Guds vilje, er det berre Guds ord som kan visa oss den. Men der står det klårt. Og det sømer seg for oss kristne å halda Ordet høgt i ære og byggja alt på det.

.

Heilt til dagane får ende, står det. Vår tid er altså lik gamle dagar på denne måten. Og me takkar Gud for det.

-

Ingen kommentarer: