tirsdag 25. november 2008

63.*

Salme 63. Mi sjel.


David er i øydemarka, i Judea. Der tyrstar han og er døden nær om han ikkje får vatn. I Israel var det øydemarker, både inne i landet og Negev i sør. Dei visste kva det ville seia å leva og reisa der.

.

Det er bilete på sjela og vårt indre liv. Det talar om vår kontakt med Gud og æva. Livet kan lett ta skade, og sjela vår er det inste i oss. Det kan også ta skade, sa Jesus ein gong. Mat. 16, 26. – I denne salme seier David noko om sjela som me skal stansa for nå.

.

1. Mi sjel tyrstar etter Gud, v. 2.

Han og alle menneske har ein lengsel etter Gud. Noko av æva er lagt ned i hjarto våre. Augustin skriv om lag slik om det: Me er skapt av deg, Gud, og sjela finn ikkje kvile før ho vender attende til deg.

.

Det tyder at menneske aldri blir nøgd i denne verda. Mange brukar surrogat for å stilla uroa i sitt indre menneske. Men me er skapte slik at det berre er Gud som kan stilla vår inste trong. Me er hans verk og berre han kjenner kva me treng og veit korleis me er i alt. Difor kallar han oss til seg. Som skapar og herre vil han oss berre godt.

.

2. Mi sjel blir mett, v. 6.

Ho skal verta metta med feite retter, skriv han. Slik tilfredsstiller Gud vårt indre og alle våre inste ”behov”. For Gud har miskunn som er betre enn livet, v. 4. Det tyder at han kan hjelpa oss i vår sjelenaud når em har synda og gjort han imot. Då møter han oss ikkje med dom og nye krav, men med nåde. Det er den hjelpa han gir oss, v. 8.

.

Det eine han mettar sjela med, er tilgjeving for alle synder. Og det gir han oss av nåde, slik Paulus skriv i Ef. 2, 8: Av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje me som er blitt betre. Me får frelse utan å fortena det. ”Av nåde alt jeg får hos Gud fra først til sist.” Slik syng dei frelste. Og me får nok av det – me er mette av Guds frelse.

.

Gud gir oss også meining og innhald i livet. Difor kunne Paulus seia slik: For meg er livet Kristus og døden ei vinning. Fil. 1, 21. Mange føler nå at livet er meiningslaust og tomt. Det blir det utan Gud. Men ein kristen har noko å leva for – i personleg samfunn med Gud og læra han alt meir å kjenna. Og så får me vitna for andre om dette og seia: Du kan også koma.

.

3. Mi sjel heng fast ved Gud, v. 9.

Det er trygt å vera hjå Gud, og me er i grunnen avhengig av han i alt. David har sett kor viktig det er og difor kjem det så sterkt: Mi sjel heng fast ved han. Eg kan ikkje sleppa han for eg treng han og det er godt å vera der han er.

.

Calvin kommenterer heilt rett at dette ville vera hovmod å skryta av at han kunne halda fast ved sin Gud. Det maktar ingen. Difor legg David til: Di høgre hand held meg oppe. Det er altså Guds verk alt saman. Hjå han er krafta og han har løysinga på våre liv og problem. Me som David kan berre halda oss nær til Gud, som Asaf skriv. Salme. 73.

.

Ordet å henga fast ved han kan også omsetjast slik: å fylgja etter han. Det gir god meining her: Han kallar oss til å fylgja han tett etter. Då er me på rett veg.

.

Ingen kommentarer: