tirsdag 25. november 2008

83.*

--

Salme 83, 19.

I Salme 83, 19 skriv Asaf:
"Lat dei kjenna at einast du, du som har namnet Herre, er Den Høgste over all jorda."

Slik sluttar han av denne salma. Der har han tala om at mange folkeslag går saman om å sletta ut Israels folk og land. Då er det Asaf syng og ber om at Gud må gripa inn og ta seg av fienden. Då vil dei skjøna at Herren deira Gud er størst på jorda og det nyttar ikkje for eit menneske å reisa seg mot Han.

Det er namnet hans som viser det. Han har namnet "Herre". Det er (minst) to ord på grunnteksta som vert omsett med Herre på norsk. Her står det såkalla tetragrammet på hebraisk, dvs. fire bokstavar som ein ikkje veit korleis skal uttalast: JHVH. Det vert ofte skrive Jahve eller før Jehova. Det er paktnamnet til Israel sin Gud. Og det er berre han som ber det namnet med rette. For han har all makt i himmel og på jord.

Mellom dei mange namn Gud har i Bibelen, er dette eit av dei viktigaste. Vår bøn og trong må og vera at folket må kjenna og skjøna det, og leva livet sitt i lys av hans namn. Det er ikkje nok å kalla han Herre med munnen, sa Jesus. Mat. 7, 21. Er han vår Herre, lever me og etter hans ord, som formaningane i NT viser oss.

.

Namnet er altså viktig i Bibelen. Det ser me t. d. i bodordet frå Gud: Du skal ikkje misbruka namnet åt Herren din Gud, 2. Mos. 20, 7. Det er så heilagt at herren held ikkje den uskuldig som gjer det. Jesus kjem attende til dette i bøna Fadervår: Me skal be slik: Lat namnet ditt helgast. Mat. 6, 9. Når me merker at bannskapen har auka mykje i vår tid, ser me kor viktig den bøna er. Små born bannar, vakse og gamle bannar, folk i TV og radio bannar, og kjendisar er svært frimodige på dette området. Dei seier det gjerne slik: For å seia det på godt norsk… Då har dei fått ein slags legitimitet til å håna Gud.

.

Salme 83 seier at denne Gud er den høgste over heile jorda. Difor skal me ha vyrdnad for han og akta oss for denne synda. Gud vil ikkje halda nokon skuldlaus på domedag her.




Det er namnet hans som viser det. Han har namnet "Herre". Det er (minst) to ord på grunnteksta som vert omsett med Herre på norsk. Her står det såkalla tetragrammet på hebraisk, dvs. fire bokstavar som ein ikkje veit korleis skal uttalast: JHVH. Det vert ofte skrive Jahve eller før Jehova. Det er paktnamnet til Israel sin Gud. Og det er berre han som ber det namnet med rette. For han har all makt i himmel og på jord.

Mellom dei mange namn Gud har i Bibelen, er dette eit av dei viktigaste. Vår bøn og trong må og vera at folket må kjenna og skjøna det, og leva livet sitt i lys av hans namn. Det er ikkje nok å kalla han Herre med munnen, sa Jesus. Mat. 7, 21. Er han vår Herre, lever me og etter hans ord.

Ingen kommentarer: