tirsdag 25. november 2008

90.*

Salme 90, 1.

.

Dette er ei salme av Moses. Han var altså salmediktar også, ved sida av å vera lovgjevar og leiar for Israelsfolket. Han er oppteken av tal og levetid. Det kan tyda på at han er blitt gammal, det er då me ser på dette.

.

I v. 10 talar han om at vår levetid er sytti år og åtti når styrken er stor. Det var altså blitt den normale alderen medan dei var i Egypt, i motsetnad til alderen på Abrahams tid og før. Moses vart ikevel eit godt stykke eldre – med sine 120 år. Men han var ein utvald reiskap for Gud.

.

I v. 4 kjem det ordet som Peter siterer i 2. Pet. 3, 8: Tusen år er som dagen i går. Slik er Guds reknemåte om tida. Han reknar annleis enn menneska. Moses veit at tida går fort i v. 9b: Vi har levd våre år til ende som et sukk. Me spør og ofte: Kor vart åra av? I barndom og ungdom går tida seint. I eldre år går alt så fort. Men tida kan me ikkje gjera noko med – ikkje stansa den og ikkje endra den på noko vis. Det gjeld å nytta tida medan me har ho.

.

I v. 1 ser me Moses sine tankar om det når han ber: Du har vore ein bustad for oss får ætt til ætt. Noko liknande skreiv han i 5. Mos. 33, 27: Ein bustad er den eldgamle Gud. Dette er nok skrive i øydemarka då dei var på vandring. Der hadde dei ikkje nokon fast heimstad. I førti år var dei på reis. Likevel hadde dei eit fast punkt: i Gud.

.

Slik er me på reis i denne verda og tida. Det er øydemark og me er framande. Likevel finn me ro og kvile og åndeleg heim hjå Gud. Me er hans born. Jordiske hus og slott forgår, men Gud lever!

.

Jesus sa: Bli i meg! Johs 15, 4. Det er ei veldig innbyding, av Jesus. Der får me bu ved ei levande tru. Og trua gjer oss avhengig av Jesus. Me er som kvister og greiner på vintreet. Blir greina hoggen av, døyr kvisten.

.

Me må koma til Jesus som er stammen, for å få liv. Og så bli verande der gjennom heile livet. Frå han får me sevja som gjer at me lever. Og når me kjem til Jesus, skjer det som står i Salme 91, 3f: For han frir deg or snara til fuglefangaren… med sine vengefjører dekkjer han deg, og under hans venger finn du livd.

.

Men i alt skal me læra av Moses i v. 12: Lær oss å telja våre dagar. Alt tar slutt ein dag. Difor skulle me vera kvar dag i hans nærleik – då er me trygge når han kjem og hentar oss heim.

-

Ingen kommentarer: