onsdag 26. november 2008

38.*

38, 19.

Dette er ei salme til påminning, v 1.

David var i stor naud. Årsaka var synd – og kanskje det var synda med Batseba som plaga han her og, som i Salme 51.

Men David synda mange andre gonger, slik me og gjer. Og det er mange slag synd. Me skal ikkje henga oss opp i nokre få og verta farisearar om me ikkje har gjort nett dei.

David veit vegen: Han må erkjenna synda, v. 3-4. Han må bekjenna dei, v. 19. Og han har lært at Herren er einaste vona hans, v. 16.

Det viser at han tok synda på alvor. Her ligg feilen hjå mange både i kyrkja og i landet elles. Frør me tek synda alvorleg blir det ikkje eit nytt liv. Ei rett og verkeleg vekking heng saman med at me ser synda. Den står i vegen. David sørgjer over synda si. Det er rett.

Og så må me gå til Gud – leggja alt i hans hender og be om nåde.

Det har alltid vore slik. Det fortel t.d. profetsoga. Faren er skjula synda vår, 2. Kong. 17, 9.

I ei anna omsetjing står noko interessant i v. 19b. I staden for at David sørger over si synd, står det i den syriske Peshitta-Bibelen (etter Lamsa): Eg reinsar meg for synda. Slik er det det skjer: Eg sannar synda for Gud og blir reinsa i Guds Sons blod. Profeten såg det kanskje ikkje så klårt. Men me har det skrifteleg i Guds ord.

Det skal vera ei påminning i dag.

.

Ingen kommentarer: