onsdag 19. november 2008

133.*


Salme 133, 3.

Det er tale om Herrens velsigning. Det er noko stort og godt og guddommeleg. Me har ikkje menneskeord for velsigninga. For det er ei Guds gåve. Der har Herren gjeve..., står det. Her er det ikkje noko ynskje frå oss eller andre. Det er ein presang.

J. Calvin skriv om dette: "Velsigninga er Guds godleik i handling". Ikkje ord frå Gud, men han gjer noko for oss. Og Ordspr. 10,22 seier4: Det er Herrens velsigning som gjer rik, eige strev legg ikkje noko til.

Mange lever utafor dette og stenger for velsigninga. Me kan hindra Guds gåver, ved å synda og å tru for godt om oss sjølve. Dei gløymer Gud.

Slik er det i Noreg nå: Folk er verdslege, det er mykje urett mellom oss, og svært mange har ikkje tid for Gud. I Jobs bok står det slik, i kap. 22, 23 der Elifas talar til Job: Du må få urett bort frå dine telt. Dette einskildverset er rett, sjølv om det ikkje høvde på Job då.

Om velsigninga og forbanninga står det konkret i 5. Mos. 28. Det er nyttig å ta tid til å lesa det kapitlet. Men her må me stansa for nokre velsigningar Gud så gjerne vil gi oss.

1. Forlating for syndene.
Det tyder å leva med alle synder tilgjevne av Gud. Han gløymer dei. Luther seier at kristendommen er to-tre ord: forlating for synda. Og i katekisma skriv han: Der det er forlating for syndene, der er det liv og sæle.

I Salme 103 finn me det slik: Han som tilgjev deg alle dine misgjerningar. Då er du sæl. Det er velsigning større enn all menneskeleg rikdom og ære.

Slik var det me vart frelste. Det byrja slik: Me erkjende synda vår og bad om nåde. Då kom Frelsaren og sa: Eg skal gløyma alt, ta det bort, du er fri. Så stryk han synda bort. Jes. skriv om det i kap. 43, 25: Eg, ja eg er den som slettar ut misgjerningane dine for mi skuld, og syndene dine kjem eg ikkje i hug. Han held fram i kap. 44, 22: Eg stryk bort brota dine som ei skodde og syndene dine som ei sky. Vend om til meg. Og i Jes. 55,7 står det: Den gudlause må forlata vegen sin og den urettferdige tankane sine og venda om til Herren, så skal han miskunna seg over han, og til vår Gud, for han vil gjerne tilgje alt. - Det er eit fint ord. I den syriske Peshitta-omsetjinga (ved Lamsa) er siste setning omsett slik: Han vil rikeleg tilgje. Slik er Gud.

Og slik held kristenlivet fram. Me lever som kristne i ei stadig tilgjeving kvar dag. Me får leva med reine ark og liksom byrja på nytt kvar dag. Slik er det å leva i lyset der me heile tida er opne for Gud og let han få vita alt. Då reinsar han og tilgjev.

2. Me vart born og arvingar.
Johannes skriv i Joh. 1,12: Alle dei som tok imot han, ga han rett til å verta Guds born... dei som trur på namnet hans. Då fekk me ein heim og ei framtid. Arven borgar for det. Og her i teksten står det: kor godt og kor ljuvleg det er at brør også bur saman, v.1. Det er det heilage samfunnet, den store syskenflokken av kristne før og nå.

I Guds familie er me trygge. Han er vår far som vernar oss mot alle fårar. Gud har jo sagt at han vil ta seg av oss og leia oss på vegen. Me skal nå målet når me fylgjer han. Det er ei stor velsigning å leva i Guds familie.

3. Me har ein trygg grunnvoll.
Grunnmuren er viktig. Mange gonger ser me at hus rasar ut i flaum - grunnen var for dårleg ofte. Jfr. Mat. 7, 26.27.

Vår åndelege frelsesgrunnvoll er Golgata. I påskeveka gjekk Jesus i døden og stod opp. Då vart det lagt ein sikker grunnvoll for vår frelse. Den er ikkje våre eigne gjerningar eller kjensler eller dei meiningar me har om kva kristendom er. Det er ikkje spørsmål etter om min kristendom er god eller vellykka.

Golgata er ei historisk hending! Det har verkeleg skjedd. Jesus døde for alle synder på langfredag. Han tok dommen og gjekk inn i vår plass. Jesus vart vår stedfortredar. "Han tok din plass dengang dødsdommen falt, derfor er nåde for deg."

Det er på Sions berg som teksten seier, v. 3. Der er velsigninga. Han ville me skulle gå fri. Difor døde han vår død. Og hans liv vart vårt liv.

4. Me fekk eit mål for livet.
Mange mennesker finn ikkje meining med livet i dag. Dei prøver å skapa ei meining, men den rekk berre desse få åra på jord. Døden blir totalt meiningslaus for folk flest nå. Så resignerar dei og gir opp. Døden er slutten, det er ikkje meir, tenkjer dei.

Men Stefanus hadde opplevd noko anna. Då døden nærma seg og steinane skulle hagla om han, såg han inn i himmelen. Han såg Jesus. Og himmelen var open. Difor kunne han seia i dødsstunda: "Herre Jesus! Tak imot mi ånd." Apg. 7, 53-60. Så stor var meininga med liv og død, at Stefanus kunne be for mordarane før han ånda ut.

Slik har alle kristne det. Me er fri fortapinga dit heile verda går. Himmelen er i vente, noko godt og velsigna. Det er Guds gåve.

- Men: nokre er utafor! Evig fortapt. Dei må me ikkje gløyma, men be for dei.

I 1911-12 reiste engelskmannen Scott til Sydpolen, men opplevde at Roald Amundsen hadde vore der før han. Han nådde aldri heim att, men fraus i hel i isen. Seinare fann dei han. Ei bok om denne ekspedisjonen fekk namnet: Landet uten nåde. Slik er fortapinga. Kor er du nå? Og er du med og bergar nokon medan du har tid?



Salme 133*

David priser den broderlige enighet og den velsignelse den medfører for menigheten, 1-3.

Salme 133,1-2.*
Her er bilete på samfunnet mellom Guds folk.

A. Olje.

1) Olje – den gode. Skil seg frå andre som esktra fin og velluktande. Eit sterkt uttrykk for for godt det heilage samfunnet er.
2) Olje er Den Heilage Ande. Berre den kan smelta ulike menneske saman. Dei er ein lekam. ”Liflig” kan tyda ”kjærleg”.
3) Rikeleg med olje, flyt nedover hovudet og skjegget (som ved salvinga av presten). Slik kjem Guds velsigning til alle der Guds folk samlast.

B. Dogg.
1) Hermons dogg, der var ekstra mykje, og er nok til alle.
2) Kjem i stille netter. Den rastlause opplever lite. Me treng stille.
3) Der er velsigninga. Ho er bestemt til å vera der, av Gud. Det er i samlinga av dei truande me opplever det største.


Ingen kommentarer: