onsdag 19. november 2008

122.*

Salme 122, 5. Dom.

.

I Guds rike er det domstolar – det er troner for Davids hus. Menneska likar ikkje dom. Dei tek frå oss noko av fridomen vår – fridom til å leva etter våre lyster utan å tenkja på konsekvensane av livet vårt.

.

Likvel vert me ofte dømde av menneske. Me er alle snare til å sjå feil og fella dom over andre som ikkje er som oss. Og Rom. 14, 13 åtvarar oss mot å døma urett og seier: Lat oss ikkje døma kvarandre. Jesus sa det sterkare i Mat. 7, 1f. Døm ikkje! Står det.

.

Men Gud er domar, rettferdig og sann. Og han skal halda dommedag ein gong over alle folk på jorda. Ingen slepp unna rekneskapsdagen då. Men det er fleire dommedagar omtala i Bibelen. Dei må me sjå litt på her.

.

1. Syndefallet.

I 1. Mos. 3 er soga om fallet – då dei første menneska var ulydige mot Gud, og det fekk fylgjer for alle folk og heile slekta til alle tider. Rom. 5, 12-18. Straks fallet var gjort, kom Gud med ord om fallet sine konsekvensar. Slangen skal knusast og menneska jaga bort frå Guds hage og nærleik. Etter den dag er alle menneske fortapt. Alle skal difor svara for seg ein gong. Det er ein logisk konsekvens av synda.

.

2. Golgata.

Frå syndefallsdagen har det vore gjort mykje synd. Og det aukar for kvart minutt heile tida. Synda på jorda er ufatteleg stor, høgare enn noko fjell.

Alt dette samla Gud, både det som då var gjort og det han visste kom til å skje heilt til den siste dag på jord. Og denne uhorveleg pakken med synd av alle slag, la han på Son sin langfredag. Han bar det til Golgata, opp på krossen og lei straffa for alt. Gud dømde Jesus i staden for alle menneske på jord. Han vart forbanna av Gud i vår stad. Han lei den største liding som finst i vår stad. Han kjøpte heile menneskeslekta fri frå all synd med sitt blod då han døydde langfredag på Golgata. (Rom. 8, 3; Gal. 3, 13; Jes. 53, 5ff.)

.

Det var ein kolossal dommedag.

.

3. Frelsesdagen.

Den dagen me vart frelst, skjedde og ein dommedag. Og den var i himmelen. Kvar gong ein syndar tek imot frelsa som Jesus kjøpte, seier og erklærer Gud at syndaren er frikjend frå si synd. I staden får han tilrekna Guds eiga rettferd i Kristus. For hans skuld står han frelst og fri for tid og æve. Så lenge han lever i denne frelsa er han eit Guds barn og rekna som fullkomen av Gud i himmelen. Det er ein stor dom.

.

4. Tukt.

Det hender titt og ofte at ein kristen forgår seg i kvardagen – i tanke, tale og handlingar. Eller me kan forsøma oss på mange måtar. Det er ikkje lett å vera ein kristen og heller ikkje å leva som menneske.

.

Då kviskrar Anden til oss i hjarta: Det var ikkje rett. Me kjenner dommen i samvitet, og angeren vellar fram i vårt inste liv. Anden arbeidar med oss, og det vert som ein dommedag i sjela. Men nå talar Anden til oss for å få oss inn att på rett spor. Denne dommen er ikkje ein endeleg straffedom der all von er slutt. Tvert om: Gud tek seg av oss i vår naud og gir oss stadig nye anledningar. Difor takkar me både for tukt og trøyst. Hebr. 12, 6ff.

.

5. Dom.

Til slutt kjem den endelege dom. Den vil me dela i to, men dei kjem truleg ikkje på same tid.

a) Dei truande sitt liv skal prøvast. 2. Kor. 5, 10. Vårt liv som kristen og vår teneste for Gud vil Gud prøva. Her er det ikkje spørsmål om frelse eller fortaping. Det blir avgjort her på jord ved trua på Jesus. Men livet vårt er så ulikt. I 1. Kor. 3 er tale om dette: Nokre kjem ribba ut av dommen – du brukte berre livet for deg sjølv. Andre har ofra mykje i tenesta for han som frelste oss. Og Jesus talar verkeleg om løn for arbeid – ikkje etter forteneste men som nåde. Til og med eit glas vatn som er gjeve i Guds Ande til ein Herrens tenar skal ein få løn for. Mat. 10, 41-42.

.

b) Dei ufrelste skal dømast etter om dei vraka frelsa i Jesus eller ikkje. Både store og små skal fram for Gud då, Åp. 20,11f.; Apg. 17, 31; 2. Pet. 3, 7. Då er alle anledningar slutt til å bli frelst. Heidningen er med her, og alle ufrelste i ”kristne” land. Fortapinga er evig, men ingen av oss kan skjøna kor stort alvor det er.

.

Kva har me gjort for å berga nokon?

.

Ingen kommentarer: