onsdag 19. november 2008

123.*

Salme 123.

17. mai.

.

Salmisten skriv at han lyfter augo sine opp Gud. Det er han som tronar i himmelen og eig alt og har oversyn over alle folk og land. Salmediktaren er som ein tenar som fylgjer handa åt herren sin med augo. Han vil sjå kva han vil gjera i dag?

.

I vårt land kan me og fylgja Herren vår og sjå korleis han har leia folket vårt gjennom tusen år. Denne dagen er Noreg sin fødselsdag i nyare tid. På 17. mai fekk me grunnlova vår på Eidsvoll i 1814. Det er ein merkedag for Noreg som me ikkje vert ferdig med å feira så lenge me er eit fritt folk.

.

Det var mange ting som hende det året. Og me kan berre ta fram nokre små drag som syner at Guds hand var med oss.

.

1. Året byrja med politisk uro og aktivitet. Det var i slutten av Napoleons-tida og heile Europa hadde vore i krig. Ein del av det politiske spelet av forhandlingane om Noreg si framtid. Danmark måtte gje slepp på landet etter 400 år. Sverige kravde å få nabolandet som sitt. Noreg ville styra seg sjølv nå. Men her var landet lite og måtte bøya seg for stormaktene. Og Sverige hadde vore ei stormakt lenge.

.

2. Året slutta med dom over Hans Nielsen Hauge som nå vart sett fri. 23. des. fall domen. Han skulle betala 1000 Riksdalar i bot, noko fangen ikkje hadde. Gode vener var til hjelp då. Men lekpreikaren Hauge var knekt fysisk og makta lite. Men det han hadde kjempa for levde for all tid framover.

.

3. Ein bededag og valdag vart utlyst 2. februar. Nå skulle folket be Gud om hjelp og fridom. På same tid skulle dei velja utsendingar til Eidsvoll. Der skulle dei arbeida fram ein ny grunnlov for landet. Difor måtte det vera gode folk som reiste, med kunnskap og utdanning. Og dermed vart dei fleste utsendingane prestar eller andre embetsmenn.

.

Bodet skulle gå ut til alle byar og bygder i landet. Demokratiet skulle byrja i Noreg. Folket skulle tala og ta avgjerd. – Men bodet nådde ikkje ut til alle. Ingen frå Nord-Noreg kom til Eidsvoll. Dei fekk ikkje bod i tide. På den måten var det ikkje ein representativ forsamling som tok avgjerd. Men det måtte skje fort for å koma før stormaktene tok avgjerd. Den danske prins Christian Fredrik skulle vera konge i det nye Noreg.

.

4. Georg Sverdrup i Oslo er eit døme på ein utsending som me veit noko om. Han skulle reisa nordover frå hovudstaden til Eidsvoll. Han reiste med hest og vogn, og nye skysskarar stod klar på kva skysstasjon på vegen. Råholt var siste stasjon før Eidsvoll. Der fekk han nye hestar og ny skysskar. Og han spurde professoren: Kvar skal denne mannen hen? – Til Eidsvoll, var det korte svaret. – Og kva skal han gjera der? Spurde skyskaren. Me skal skriva ny grunnlov for landet, var svaret.

.

Skysskaren togg litt på det, og så kom det sakte: Kva du enn gjer, så hugs at Gud er attåt! Dei hadde vyrdnad for Gud i gamle dagar. Det er ikkje sikkert dei levde rett alltid eller hadde så klåre tankar og tru om kristendommen. Men dei tenkte stort om Gud. Difor trur me Noreg har vore eit godt land. Og difor ser me med sorg og otte på folk og styresmakter nå som ser ut til å ha lite av det.

.

Israel visste og at dei trong Gud og hans hjelp i alt. Dei svikta mange gonger. Men då song dei som her i v. 3: Ver oss nådig, Herre. Og dei kunne fylgja Guds hand gjennom si soge på ein serleg måte. Det kan også det norske folk gjera.

.

5. 1945. Då var siste verdskrigen slutt. 8. mai var det feiring. Heime gjekk me til skulen i samla tropp, og nedover Dalen fleire kilometer. Ved kvar gard stoppa me o ropte og skreik det me kunne: Hurra, hurra for Noreg! Dei vaksne sa at landet var fritt nå.

.

Me skjøna ikkje mykje av politikken eller det som hende desse dagane. Men me visste ein ting: Noko stort hadde hendt! Det var fest i Noreg. Landet var fritt!

.

6. Åndeleg fridom har me og fått. Det er hovudsaka i den bibelske bodskapen. Me kan fylgja Guds hand ned gjennom tidene og sjå korleis han har styrt alt til det beste. Her kunne me gått gjennom heile bibelsoga frå skapinga til Kristus og Paulus og dei første kristne. Det var Guds hand som leia alt for oss. Vidare ser me handa hans også i kyrkjesoga. Gjennom ulike periodar gjekk det opp og ned med truslivet. Men Guds hand tok tak i folket og synte dei vegen vidare.

.

På 1500-talet brukte Gud Martin Luther til ein stor reformasjon som nådde ut over Europa og lenger etter kvart. Ikring 1800 var det Hans Nielsen Hauge Guds brukte. Han var Guds hand med folket vårt. Og mange vart truande kristne i den tida og seinare. Nye hender vart skapte heilt fram til vår tid.

.

Me fylgjer Guds hand med augo våre – og takkar Han som gjorde alle ting vel. Nå ber me om at folket vårt må venda seg til Gud. Der er den beste hjelpa for alle.

.

Ingen kommentarer: