onsdag 19. november 2008

120.*

Salme 120*

Israel ber Herren, som før har bønnhørt det i dets nød, også nå komme det til hjelp ved å straffe dets baktalerske naboer, og det er forvisset om at han vil gjøre det, 1-4. Selv fredeligsinnet må det føre bitter klage over deres ufredsommelige og fiendtlige sinn og ferd, 5-7.

Salme 120:* Min nød.

Til Herren ropte jeg i min nød, og han svarte meg.

Tre nøkkelord i teksten kan vise oss innholdet, hva salmisten taler om.

I Bibelen finner vi mange fortetta vers. De sier mye med få ord. Vi får liksom hovedinnholdet i en sum. Slik er det her for meg.

1) Først: Eg ropte. Det er ei sterk bøn. Her er ikkje tale om eit rituale me kan eller ei lekse me har lært for lenge sidan. Her er det bøn slik Gud meiner det. - Det står mykje i Bibelen om bøn, både i GT og NT. Jesus bad mykje og ofte, og han lærte sine å be. Fadervår er ei slik Jesus-bøn.

Men: kva tid er det me ropar? Kva tid kjem denne ekte og djupe bøna fram i oss. Det er neste stikkord som gir svaret på det.

2) Mi naud. Det er mykje naud mellom folk - nå som før. Det er menneskeleg naud som alle kan ha, uansett kva religion eller kva liv dei har levd. Sjukdom og fattigdom og ulukker kan koma for alle. Og det kan vera svære tider for ein familie eller eit einskildliv.

Eller synda. Nokre gløymer den eller bagatelliserar den og bortforklarar det som andre si skuld eller noko uunngåeleg. Men synda kan og bli tung å bera, ein byrde i samvit og sjel. Når Anden får tala ut med oss, blir synda levande. Me står der med skuld for Gud og ikkje for menneske. Og det er alvor å få me Gud å gjera på den måten. Paulus skriv om det - at me får ein lukka munn. Då stiller me oss på sida av Paulus og sannar: Eg er den største syndar på jord. Slik kjennest det i nærleiken av Gud den heilage når synda blir vår naud.

Og andre kan bli mi naud. Som kristen har eg det godt. Eg frydar meg over frelsa full og fri. Eg syng med sanning: Salige visshet Jesus er min! - Men bror min - og naboen - og kineseren? Korleis har dei det? Er du tynget av ufrelstes nød?

Då er det godt å kunne ropa til Herren. Der kan eg leggja noko av denne børda av meg. Eg kjenner det framleis, og det sårar meg at folk går fortapt. Men eg får ei lise her hjå Jesus. Det er det tredje nøkkelordet:

3) Han svara meg! Gud høyrer bøn, Han bøyer seg ned og lyttar til arme meg. Det var ikkje til fånyttes at eg bad. Eg fekk svar.

Ein fin illustrasjon og døme på dette er Israel slik det er skroive i Salme 107. Der kjem det fleire gonger: Dei ropa til Herren. Men så blei dei dårar igjen og gløymde Gud i livet sitt. Han måtte straffa dei og føra dei attende om det kosta mykje. Så ropa dei igjen midt i den trengsla dei var i. Og han frelste dei, står det. Han førde dei ut av mørket og dødsskugge og reiv banda deira i stykker. Ja, står det: Han sende sitt ord og helbreda dei.

Det er Gud sin måte å handsama syndaren på når me kjem. Nå ventar han at me skal koma me vår naud og leggja alt fram for han. Det er svar underveis, engler kommer med bud. Om det drøyer det fram då skal nå...

Ingen kommentarer: