onsdag 19. november 2008

116.*

Salme 116
Sangeren vidner at han elsker Herren og alltid vil påkalle ham, fordi han, den nådige og barmhjertige Gud, har frelst ham da han i dypeste nød og angst ropte til ham om hjelp, så han nu kan være rolig og trøstig, 1-9. Han forteller så hvorledes han i sin store elendighet og angst opgav all tillit til mennesker og alene satte sin lit til Herren, 10. 11, og taler til slutt om hvorledes han for hele menighetens åsyn vil takke ham for den store frelse som er blitt ham til del, 12-19.

Vers 12-14. Tale 17. mai.
For mange år sidan kom det ut ei bok med tittelen: Gud er ein god Gud. Det er ei sanning som høver godt for oss i vårt land. Då er spørsmålet: Kva skal eg gje Herren att for det? D. Zwilgmeyer omset det slik: ”Hvordan skal jeg takke Herren for all hans godhet?” Og Lina Sandell er overvelda av alt det gode når ho syng: ”Eg kan ikkje telja dei alle…”

Kva er så Guds velgjerningar mot oss og landet vårt? Har vår nasjon fått noko spesielt som me skal takka for? Ja.

1. Eit godt land. Det er ei velgjerning. Natur og klima er vakkert. Det vekslar mellom fjord og fjell, dal og li. me har ofte ein kald vinter, men du for ein vår som kjem! Ivar Aasen syng: ”Og når liene grønkar som hagar, når det lavar av blomar på strå, og når netter er ljose som dagar, kan han ingen stad venare sjå!” Andre er glade i landet sitt, og me er glade i vårt land. Det er lov å vera det!

2. Ei god historie. Ikkje alle land har det. Her har vore mykje fred, landet er rikt og fritt, Me har god økonomi trass i alle krav og syting sume kjem med. Sosialt er det godt i høve til mange andre. Alle må sjå det. Set me så pris på det?

I 1814 var G. Sverdrup på veg til Eidsvoll i februar. Dei skulle skriva grunnlova. Ein skysskar sa då til han: Kva du enn seier og gjer, så hugs at Gud er attåt.
Fedrane rekna med Gud. Det er litt av skilnaden til vår tid.
I 1905 var det grensekrig med Sverige. Mange var på kne. Nett i den tida kom vekkinga i Oslo ved Albert Lunde. Calmeyergatens Misjonshus var fullt. Gud greip inn.
1. jan. 1945 var det bønnemøte i kyrkja heime i Vikedal. Folk låg på kne i kyrkja og bad om fred for landet. Og Gud høyrde det!
Nå er det ein tendens til å slå vrak på alt det gamle. Me skal ha det berre som eit nostalgisk minne på museum. Bj.Bjørnson song: Norske mann i hus og hytte, takk din store Gud.

3. Kristentrua vår. Ho kom nok ved vikingar og kongar og møtte sterk motstand. Men det vart til velsigning og godleik for oss. Blix syng: Du sende ditt ord til Noregs fjell, og ljos over landet strøymde.
Lyset var ei ferdig frelse, evangeliet. Og me treng det. For alle har synda. Rom. 3,23. Nordmenn og heidningar. Ingen går fri. Så vart krossen reist i alle bygder. Ordet lydde om at det var fullbrakt, Joh 19,30. Synda var sona og betalt. Det er den største velsiginga me har fått i landet vårt. For den opna himmeldøra for alle. Mat. 22,4. Alt er ferdig. I 1000 år har dette lydd over landet. Det er nåde. Kva har du gjort med det? Nokre vil ta det frå oss. Det norske folk må stå opp mot det og ropa på Guds hjelp.

4. Ein lovnad fekk me: Jesus kjem att. Op. 22, 20. Joh 14,3.
Han vil ta oss bort frå verda, frå naud og fåre. Frå naud og fåre, til eit anna fedreland: himmelen. Det er målet vårt, og Guds plan og vilje med alle menneske. Det er velgjerning og nåde.

V. 12. Kva skal eg gje Herren att?
Ingen ting. Me kan berre bøya oss for han og seia: Skje din vilje. Me kan omvenda oss til Gud og tru på Jesus. Det må Norge gjera nå. For mange er på veg bort. Og så kan me takka. Me må prisa Gud for hans godleik. Lat oss ikkje gløyma Gud!


Ingen kommentarer: