onsdag 19. november 2008

115.*

Salme 115.

.

Her har me ein bøn om at Gud må bruka si makt, særleg med tanke på heidningane som hånar han. Det har dei ingen grunn til, for Gud er den største. Han er ein levande Gud i motsetnad til dei døde og maktlause avgudane. Difor bør Israel stola på sin Gud og prisa han. Vers 1-8.

.

1. Bøn.

Det er tydeleg at songaren eller heile Israel er i bøn, v. 1ff. Dei talar til Herren sin Gud og viser stor vyrdnad og age for han.

Dei ser dei er små og ringe i høve til Herren. Difor seier dei: Ikkje oss, men ditt namn. Det syner at dei kjenner sin plass i livet og veit at Gud er den største. Difor vil dei at han skal ha ære. Det er godt om folk skjønar det og handlar etter det.

.

Grunnen er at Herren har vist miskunn mot dei og vore tru mot ordet sitt til dei. Folket var ofte trulause og gjekk sine eigne vegar. Slik gjer me alle om på ulike måtar. Men Gud er trufast, difor skal namnet hans lysa høgt over all jorda, og han skal ha ære for alt.

.

Salma avspeglar truleg naud og trengsle frå fiendar. Og det er ikkje eineståande, korkje i Israel eller den kristne kyrkja. Ikkje alle tidsbolkar er like. Somme gonger har Guds folk i ulike land hatt rolege tider. Andre gonger har det gått svære forfylgingar over land og folk og mange måtte lida døden. Me kan heller ikkje venta å ha det like fredfullt alltid.

.

Når me då ber Gud om hjelp og utfriing skulle me erkjenna at me er uverdige, som Israel her. Det inneber og at me ikkje kan hjelpa oss sjølve på nokon måte her i livet. Me kan ingen ting gjera til frelse – det er synda si frukt i livet.

.

Me har likevel ein annan grunn å stå på, og den er sterk. Guds nåde er så stor at han ikkje tek omsyn til noko i oss. Gud hjelper oss og høyrer bøn berre av sin eigen godleik. Og han held ut år etter år med oss. Alle har me vore trulause og gått vill. Men han fylgde oss heile vegen.

.

2. Heidningane.

Vers 2 fortel kva heidningane sa på den tida. Her ser me inn i situasjonen for Guds folk og heidningane til alle tider. Slik er det til alle tider.

.

Guds fiendar er mangfaldige til ulike tider. Nokre gonger går dei mot oss i det skjulte, andre gonger openlyst og frekt. Eit felles trekk er at dei angrip oss med hån og spott av vår Gud. Det kallar me blasfemi. Etter ordet her kjem det klårt fram når me er i naud og trengsel. Guds folk ber alltid om utfriing då, men Gud har ofte god tid og ventar med svar. Det kan denne verda ikkje skjøna. Det må tyda, seier dei, at Gud er død eller heilt uinteressert i oss. Då kjem nokre gonger Guds born i tvil og spør: Gud, kvifor er det slik?

.

Guds barn har då eit svar: Gud er i himmelen, og han har all makt og gjer det han vil. På den måten gir me truande Gud ære. Trass alt me må lida, er Gud allmektig. Svaret kjem nok i hans time. Den kjenner ikkje me. Men me viser oss truande ved å vera tolsame og venta på svar. Motstandarane av kristendom har heller ikkje mykje å stilla opp mot ei så fast tru, som også er viljug til å venta på svar. Verda vil ha svar straks. Guds folk ventar til den rette tida kjem, då Gud vil gje oss det beste.

.

3. Avgudar.

Det er underleg med heidningar. Dei lagar seg gudar sjølv, av tre og leire og metall og gull, v. 4. Eg var i eit slikt land og såg ein slik verkstad. Dei laga gudar for sal til ein viss høgtidsdag. På spørsmål om kva som skjedde med desse gudane etter festen, sa dei: Me kastar dei – neste år må me ha nye gudar.

.

Korleis kan folk tru at slike ”gudar” kan hjelpa dei i nauda? Ikkje kan dei tala og ikkje høyra og ikkje sjå. V- 5-7. Når me ser og skjønar det, er det berre ein Gud att – Israels heilage. Han lever og har makt, han høyrer og ser og talar. Difor var Israel trygg på utløysing i den nauda dei var i nett då og elles til alle tider. For vår Gud er ein levande Gud.

.

Mon ikkje folk i vår tid også lagar seg gudar? Ein gud er det me er opptekne av, som gleder oss og me litar på for å vår eigen del. Ein har sagt at folket samlest der gudane deira er. Ein avgud er og det som kjem mellom oss og den levande Gud. Han tek Guds plass.

Mon ikkje avgudane i vår tid heiter pengar, makt, prestisje, levestandard, idrett som fotball o.a. På desse arenaene eller ”templa” er mange i sitt rette element og lever for det. (Med det har eg ikkje sagt at all idrett er avgudsdyrking, men det kan bli det for somme.

.

Vers 8 viser den endringa som skjer med oss etter kva gudar me har. Slik avgudane er, slik blir tilbedarane. Er guden død og vitlaus, vert folket åndeleg sett det same. For gudane påverkar oss og skaper oss om i sitt bilete på ei vis. – Det er i grunnen likt for oss kristne. Men vår Gud er levande og kraftig, og han gir oss del i sitt liv og si natur. Det audmjukar oss og viser kor avhengige me er av vår Gud. Og det seier oss noko fint: Me får del i Guds natur og vesen, som Peter også seier. 2. Pet. 1, 4. Då kan me berre takka og lova Herren, Salme 115, 18.

.

Ingen kommentarer: