onsdag 19. november 2008

114.*

Salme 114
Sangeren vidner til trøst for det lidende Israel om Herrens store gjerninger dengang da han førte sitt folk ut av Egypten til Kana'an, 1-8.

Vers 1-2.
Ved utgangen av Egypt vart Israel Guds eige folk. Då skjedde det noko, noko meir enn med Abraham. Det er bilete på frelsa. Kva hende?

1. Utfriinga. 2. Mos.12. Dei vart fri slaveriet ved blod. Dei vart kjøpte fri ved ein stedfortredar sitt liv og blod. Elles måtte dei ha dødd. Slik er frelsa. Så høg er prisen. Men her skjedde det ikkje ved eit dyr eller eit vanleg menneske. Her måtte Guds Son inn som vår ”vikar”. Påske er vår utgang frå Egypt og synda. –Men dei måtte gå ut sjølve, og det skjedde ved tru. Me må òg ta imot den frelsa Gud har ordna for oss. Då vert me Guds eige folk, eit frelsesfolk.

2. Lova. 2.Mos 20. Det kom kort etter. Her kan me sjå på dei som retningsliner for det nye livet. (Det var òg ei pakt med Gud for Israel, det tek me ikkje opp her.) Dei fekk vita noko om Guds vilje med dei. I NT har me mange formaningar og talar av Jesus og apostlane som utdjupar dette. Men dei er berre for Guds folk og det praktiske livet deira.


Ingen kommentarer: