onsdag 19. november 2008

113.*

Salme 113.

.

Salma tek til og sluttar med Halleluja. Det ordet tyder lovprising til Gud, og me finn det mange stader i Bibelen og særleg i salmane. Ordet som er omsett med ”Lova (vere)” i t.d. Salme 150 er første del av ordet halleluja. Dette ordet står 10 gonger i tillegg til sjølve Halleluja i Salme 150.

.

I denne salma prisar songaren prisar Herren av di han ser ned til oss menneske, sjølv om han er høg og stor. Då kan han opphøgja dei små. Og alt gjer han av nåde.

.

1. Lova Herren, v. 1-3.

Herrens tenarar skal lova Herren, står det. Det kan vera ei nyttig påminning i ei travel teneste for Gud. me har lett for å bli opptekne av det me gjer og er interessert i og legg sjela vår og krafta vår i. Salmisten vil minna oss om å takka og prisa Gud midt i arbeidet. Det kan hjelpa oss til å sjå at alt i Guds rike er Guds arbeid og ikkje vårt. Difor må han alltid få ære.

.

Og denne lovsongen må alltid lyda. Og den rekk inn i æva. Den skal vara heile dagen, frå sola står opp til ho går ned. Det er ikkje noko me skal arrangera einskilde gonger. Lovsongen lever i ein kristen heile tida. Når mørke skyer sig inn over oss, er dette ei påminning om å takka Gud.

.

Herrens namn er emne for lovsongen, v. 3. Namnet står ofte for personen i Bibelen. Og personen er ofte hans gjerning og det han har gjort. Når me syng om Jesus, er det hans frelse, død og oppstode me tenkjer på. Då er ofte lovsongen ein uttalt takk for frelsa.

.

2. Herren er stor, v. 4-5.

Så minner salma oss om at Gud er stor. Herren er opphøgd over alle folk, ja, til og med over himmelen. Det er sterke ord om den store Gud som ingen kan samanliknast med. Skaparverket viser at han er stor. Menneska har ennå ikkje kome til enden av det og klarar ikkje å utforske det fullt ut. Der er himlar og klodar langt utafor vår synsrand og endå lenger. Det viser noko av storleiken ved Skaparen.

.

Alt det vakre på jorda og sjølve mennesket er Guds meisterverk som ingen kan etterlikna eller gjera om att. Om vitskapen veit mykje om mange ting, har dei ikkje nådd heilt inn i det inste av menneska. Han som har skapt det er større enn alt, og me er for små til å skjøna han. Men me kan prisa han og lovsynga hans heilage namn.

3. Herren ser ned og reiser oss opp, v. 6-9.

Denne store Gud som ingen kan lodda djupna i, er interessert i oss små skapningar. Me er hans verk, og han vil oss vel. Difor ser han etter oss og vil berga oss. Salme 14, 2 seier: Frå himmelen skodar Herren ned på menneskeborna for å sjå – om nokon søkjer Gud. Då fann han ingen. Me var alle syndarar og hadde vendt oss bort frå han.

.

Då bøyer Gud seg ned til oss for å frelsa oss. Det gjorde han ved å senda sin eigen son til jorda. Han skulle døy for alle synder i heile verda og betala vår skuld hjå Gud. Det var det som hende i påskehelga då Jesus døydde og stod opp att. Han ordna ei frelse som skulle gjelda for alle.

.

Nå søkjer han oss og ber oss om å ta imot denne ferdige frelsa. Der er ingen for stygg eller for ringe. Han ser djupt ned til den djupast falne – og dreg han opp. Men det er ofte dei ringe og små som ser at dei har bruk for Jesus og hans frelse. Difor står det også her: Han reiser den ringe or støvet og lyfter den fattige or søpla. Slik såg også Paulus at det var i praksis, i 1. Kor. 1, 26f.: Legg merke til det kallet de fekk: Ikkje mange vise etter kjøtet… men .. det som ingen ting er (kalla han).

.

Herren ville så gjerne ha alle, også dei store og vise og sterke i verda. Men dei er ofte så sterke i seg sjølv at dei har ikkje bruk for ein frelsar. Jo, dei har bruk for han, like mykje som me andre. Men dei ser det ikkje, av di dei ikkje ser si synd. Og den er lik for liten og stor.

.

Herren tek så den ringe og fattige og lyfter dei opp og set dei saman med dei retteleg store. Me er kalla Guds born og hans arvingar. Me høyrer altså med rette til i Guds hus og familie. Heilt til himmelen har han opphøgja oss og sett oss saman med han der. Ef. 2, 6. Desse små i verda vil den Allmektige Gud også bruka som sine vitne på jorda. Heller ikkje der er verdsleg visdom nok. Den barnlause kona, v. 9, kjende skam i den gamle pakt. Ho hadde inga framtida når ho ikkje hadde søner og kjende seg ofte ulukkeleg. Desse, seier herren her, skal bu i huset som ei lukkeleg mor. Herren tek bort skamma vår og gjev oss den sælaste lukke på jorda – i samfunn med Guds Son og hans vener på jord. Lat oss be om at mange må sjå si synd, slik at dei får bruk for denne frelsar.

.

Ingen kommentarer: