onsdag 19. november 2008

112.*

Salme 112
Sangeren priser dem salige som frykter Herren og elsker hans bud, og som gjør barmhjertighet mot de fattige; Herren lønner dem ved rikelig å velsigne dem og bevare dem for alt ondt, til harme for de ugudelige, hvis ønsker blir uopfylte, 1-10.

Vers 4:
Her er fleire uttrykk av interesse. I den hebraiske bibelen byrjar dei bak og les framover. Det gjev god meining her.

1. Mørke. Det kjem – når synda kjem. a) Det gjeld i kyrkjelyden med strid, splid og lunka hjarto. Og det gjeld i heimane og vår hjarto. b) Det er mykje mørke og synd og svik, når eg ser inn i mitt eige liv. Ettersom åra går, ser eg meir. Då blir me lett motlause. Så sig mørke inn i sjela. c) I mørke er det vanskeleg å finna vegen, og me kan lett hamna i grøfta. Og mange går vill.

2. Lys. Joh 8,12 seier lyset er Jesus. Det vart tent julenatt. a) Det handlar ikkje så mykje om korleis me skal få mørket bort, og grubla over metodar for at det skal skje. b) Når lyset kjem, flyktar mørket bort! Det tyder at når Jesus kjem inn i livet, må synd og Satan vika plass. Det er ikkje slutt på alle problem og sorger, men du får lys over dei.

3. Det skal gå opp! Det skal lysa i sjela og lyfte blikket oppover – mot Jesus på krossen og mot himlen til slutt. Og det skal skje, står det. Det er ein lovnad. Og Gud er trufast, Hebr. 10,23. Her er vona, for kvar tvilar. Det er ikkje vonlaust.

4. For dei ærlege. Dei som har eit ope hjarta og legg alt for hans ansikt, er ”oppriktige”. Då har du lovnaden. Hald fast på det, sjølv om tvil kjem sterkt inn i tanken og liv.


Ingen kommentarer: