onsdag 19. november 2008

111.*

Salme 111*

Songaren priser Herren for alle de mange og store velgjerningar han, den barmhjertige og trufaste Gud, har vist sitt folk, 1-9, og legg det difor på hjarta å ottast han og halda boda hans, 10.

Vers 10: Hans bod - er hans ord.
Guds ord er den rette visdom og kunnskap. Det er ein evig visdom. Det er ikkje teori eller filosofiske tankar, det er å leva og gjera etter Ordet i rett bibelsk meining. Gud vil ta vare på alle sine, han er mektig til det. Men frå vår sida er Bibelen viktig. Det viser og nokre andre bibelord.

Salme 33,4: Herrens ord er sant, pålitande. Me kan våga å tru det.
Salme 119: Her er mange fine vers om Guds ord. V. 9: Korleis leva reint? Gud vil me skal det. Svar: Halda seg etter hans ord. Vers 11: Løyndomen til eit slikt liv er: å gøyma Guds ord i hjarta – i tanke og minne og lata det styra samvitet. – Skal det kunna skje, må me lesa mykje, slita ut nokre biblar, lesa og tyggja på ordet.

Hebr. 4, 12: Ordet er skarpt, det kan døma og visa oss til rette. Og det har liv – eit Guds ord kan løysa sjela og gje nytt liv i Gud om me trur det. Difor kan eg stola på Ordet. ”Det skaper hva det nevner.”

Guds ord er viktig for å verta bevart hjå Jesus, vera ein varm kristen.
Og Bibelen seier: Kom! Til alle som høyrer. Me som lever i dag treng Guds ord meir enn nokon gong før.

Ingen kommentarer: