tirsdag 25. november 2008

108.*

Salme 108


David priser Gud for all verden for hans store miskunnhet og trofasthet, 2-6, og beder ham nu komme sitt folk til hjelp, 7. Han har jo gitt sitt folk det løfte at det skal eie landet og overvinne nabofolkene, 8-10. På grunn av dette løfte uttaler sangeren sin forvissning om at det forestående krigstog mot Edom ved Guds hjelp, som folket alene stoler på, skal få et lykkelig utfall, 11-14.

v. 1-7.
David priser Gud,
og me har grunn til det. Det ser me ofte i Salmane.
Mi ære – det er mi sjel, heile mitt indre, alt har ein lovsong til Gud. Lovsong er ikkje først og fremst med munnen eller offentleg. Her tek me gjerne feil. Alle kan seia noko fint og godt om Gud og finna klåre og sterke ord om det. Og alle kan synga gode songar med tunga si. Det er til og med mange verdslege og reint nasjonale songar som skapar stemning og er vakre menneskeleg tala.

Lovsong er derimot hjartesong for noko me sjølv har fått personleg. Ein treng ikkje ha god songrøyst for å uttrykkja det. Og det treng ikkje alltid vera høgt slik at andre høyrer det. Det er mykje meir hjarta som gledar seg og kjenner seg takksam til Gud for aslle gode gåver han gir. Nokre gonger er det naturleg å seia og synga det høgt for alle som vil høyra. Andre gonger tilhøyrer lovsongen meir lønnkammeret. For det er heilage stunder når sjela prisar Gud.

v. 5:
Guds miskunn er stor,
det er nåden og tilgjevinga for synd. Ho når heilt opp til himmelen. Guds miskunn er endelaus, og nåden kan ingen måla. Då er det godt at frelsa byggjer på rein nåde. Det er ikkje slik at frelsa er litt av oss og resten av Gud. Det er farisearen som tenkjer slik. Han vil gjera så godt han kan og strevar heile livet med å samla gode gjerningar som han vil leggja fram for sin Gud. Han føler og fortsår nok at det ikkje strekk til. Men han har høyrt om nåden, og tenkjer: Der vil Gud leggja resten til, det ege ikkje greier.

Det er ikkje slik. For då vil mennesket ha noko å rosa seg av. Då kan me seia at me har gjort noko, så godt me kan. Og då kan ikkje Gud krevja meir av oss. - Jo, han kan det. For han er skapar og Herre. Difor krev han ei fullkoma rettferd, eit fullkome liv i alt før me kjem inn i Guds himmel. Det greier ingen. Og ingen stad i Skrifta står det at frelsa er eit samarbeid mellom oss og Gud. Det er berre nåde.

Våre problem og vanskar kjem ikkje frå Gud. Han er berre godleik. Her er det Den Vonde som stig inn i livet vårt og gjer alt vanskeleg. Gud tillet det nokre gonger, det ser me t. d. av soga om Job. Men det tyder ikkje at han er ansvarleg, men han vil prøva oss og me held oss til han i alt. Difor skal me aldri kritisera Gud og hans handlemåte. Det er synd. Me må heller læra å leggja alt i Guds hand og stola på at han alltid gjer det beste for oss. Då kan me kvila i motgangen

v. 6:
Nåden skal nå ut over heile jorda.
Det er misjonsbodet her. Mat. 28, 18-20. Heile verda er Guds målsetjing. Gud skapte alle og Jesus kjøpte alle fri. Difor vil han nå at alle folk skal få høyra om det og dermed om vegen til frelse. Difor samla han læresveinane kring seg mot slutten av livet og gav dei denne misjonsbefalinga. Dei skulle gå ut i all verda og fortelja om Jesus og å be folk om å venda om og bli frelst. Misjonen er med dette høgt prioritert i himmelen og Gud vil at me som hans born skal prioritera det den stunda me har på jord. For alle har same "rett" til frelsa.

v. 7:
Og målet er: å verta frelste.
For Gud elskar alle. Han gjer ikkje skilnad på folk om dei er stsygge moralsk eller menneskeleg eller snille og gode reint menneskeleg. For Gud er me alle like, og dermed er alle menneske fortapte på grunn av synda. Det store målet hans er å berga så mange sjeler som mogleg. Alle menneske er like dyrebare for han.

Gå ut, sa Jesus. Det er eit bod og ei svært sterk oppmoding. Det tyder også at ingen kan verta frelste og koma til himmelen utan at dei høyrer om og tek imot Jesus Kristus.
-


Ingen kommentarer: