onsdag 26. november 2008

36.*

Salme 36, 6-11.


Her ser me noko av det Gud er for sitt folk. Det betyr mest for oss. Det er han som frelser, fornyer og tenner oss i brann. Nå kan me spørja: Kva betyr Jesus for deg? Kva opplever du i samfunnet med Gud? Har du kanskje gått trøytt og alt er blitt rutine? Kanskje du er av dei som lengtar etter å møta Jesus på nytt – å vera åleine med han!

.

Kva seier denne salma til oss nå? Lat oss lytta litt til det:

.

1. Herrens miskunn.

Det er måten Gud handlar med oss på – i nåde. Han gir den uverdige alt han treng og meir til. Den er så stor at den når til himmelen. Då tek den aldri slutt. På engelsk står det: i himmelen. Gud er i sin himmel og er mot oss som han er der.

.

a) Første gong var det slik. Eg var ein syndar i ord og gjerning og var fortvila av di eg kunne ikkje hjelpa meg sjølv. Eg såg helvete for meg, der ville eg hamna. Eg hadde eit sårt samvit og bar på skuld i mi sjel. Eg song slik om meg sjølv: ”Jeg var fortapt og så ingen vei…”

.

”Då kom Jesus med sin nåde – å, kor glad han gjorde meg!” Eg fekk full tilgjeving for alt. Syndelivet hadde Gud gløymt og kasta alt i havet. Ingen kunne lenger fiska det opp. Det var som ein ny dag rann i livet. Tenk, er var frelst!

.

Og alt det var ufortent. Eg fekk det av Herrens miskunn. Det som gjorde at det vart slik, var Jesus på krossen. Eg såg det klårt i Guds ord: Han betalte alle synder. Eg var skuldfri framfor den heilage Gud. For Gud sin eigen son hadde ordna alt.

.

b) Og seinare – i livet vidare?

Det har mislukkast ofte. Eg svikta meir enn ein gong. Det vart mange feiltrinn og fall og eg sløvna også. Kristenlivet er ikkje noko å visa fram for andre. Det ser eg klårt.

.

Men Jesus – kva gjorde han då?

Han ga stadig ny miskunn. Framleis rakk den til himmelen. Han tilga igjen og igjen. Eg fekk ny oppreising og kraft.

.

Fekk du nei nokon gong? Tenk over livet ditt: Det var ei vandring i Guds miskunn. Jesus har aldri sagt nei til dei som kjem med hjarta sitt. Om du er på avveg nå: Kom igjen – hans nåde og frelse rekk til himmelen og livet ut for deg og for alle. Han ventar berre på oss.

.

2. Hans truskap.

Jesus er alltid den same, Hebr. 13, 8. Han var trufast mot Peter då han fall. Han reiste David opp frå fallet. Me har alle hatt bruk for den trufaste handa. Der me svikta, der stod han fast. 2. Tim. 2, 13. Han er trufast mot alle lovnader i Ordet. Og det er mange lovnader, 2. Kor. 1, 20. Kong Salomo seier så fint: ”Lova vere Herren, som har gjeve Israel, folket sitt, ro, så som han lova. Ikkje eitt av alle dei gode orda han tala gjennom Moses, tenaren sin, har vorte til inkje.” 1. Kong. 8, 56.

.

Slik ein Gud er det me har. Stol på han – det er tru.

.

3. Herrens rettferd, v. 11.

Frelsa er bygt på Guds verk i Kristus og ikkje på vårt eige kristenliv. Difor er frelsa og nåden så dyrebar, v. 8. Og difor kan me søkja livd hjå han. Der er me trygge i alt.

.

Guds rettferd er større enn vår synd og ulydnad. Paulus skriv: Der synda vart stor, vart nåden endå større, Rom. 5, 20. Hjå Jesus får me ei heil og rein og fullkomen frelse. Den er heilt utan brist. Og den er din når du trur på Jesus. Fil. 3, 9. Ved trua eig du Jesus og dermed eig du heile Guds rettferd.

.

4. Eit nytt liv.

Då får du eit nytt liv. Hjå han vert du rikeleg metta av det gode, står det, v. 9. Det blir ein straum av glede i hjarta. Du drikk av Guds eiga kjelde kvar dag. Du ser eit nytt lys, v. 10.

.

Livet er ikkje plutseleg fri for alle problem og motgang. Me er ikkje heime i himmelen ennå. Men du har altså fått eit nytt lys over livet med alle problem og vanskar. Du ser at Gud er med

I alt – er me ikkje då trygge. Amen.