tirsdag 25. november 2008

100.*

Salme 100.


Dette er ei av dei korte salmane, og det er ei oppmoding frå ein ukjend salmist til oss truande. Og ho inneheld fleire punkt som gjeld kvar einaste kristen. Det ser me igjen og igjen at Bibelen høver for alle menneske. Denne boka rører ved punkt i våre liv som er ålmenne, og difor treng me alle det Ordet seier.

.

1. Glede og lovsong.

Salma er til lovprising, seier overskrifta. Og den første oppmodinga er at alle land og folk skal ropa med fryd for Herren. Salme 66,1 og 98, 4. Det sømer seg for Guds folk å prisa Gud. Og den som er glad, vil lett nynna på lovsongar.

.

Vår glede er i Gud og ikkje i noko anna menneske eller oss sjølve. Vår store glede er ikkje natura eller skaparverket eller noko av det store og vakre som menneske har skapt. Det ser me er fint og storslått. Og me kan gleda oss over det. Men den store gleda er alltid i Gud og den frelse han skapte for oss i Kristus. Det er eit kjennemerke på ein sann kristen. Filipparbrevet viser det – det er kalla brevet om glede. Der lyder oppmodinga klår: Gled dykk i Herren – alltid. Fil. 4, 4.

.

2. Teneste.

Me får ei oppmoding her i v. 2: Ten Herren med glede. Desse to ting høyrer altså saman. For ein kristen er ikkje arbeid og teneste for Gud ei rein plikt me MÅ oppfylla. Gud la ned i oss ein ny vilje og lyst til det.

.

Likevel kan ein kristen bli trøytt og sliten, også i teneste for Gud. Ved sida av naturleg kvile og menneskeleg avkobling, er det stor hjelp i gleda. Då har det lite å seia om tenesta er stor eller lita, synleg for alle eller avgøymd og løynd. Når meg jer noko for Gud og hans rike, speidar me ikkje etter applaus og avisomtalar. Meg jer det for Gud åleine – og han ser i det skjulte.

.

Då er gleda rein. Berre eg og Jesus veit om den, og det skaper ein himmelsk luftning over kvardagen som gir ny kraft ettersom dagen er.

.

3. Eigedom.

I v. 3 har me eit rikt ord. Kjenn at Herren er Gud! står det. Er ikkje det sjølvsagt? For alle er det ikkje slik, og ein kristen kan tvila og føla seg forlatt. Då skal me vita at Herren er Gud. Ordet kjenn har ikkje noko med føling og oppleving å gjera. Det tyder kunnskap. I alle tilhøve skal du ha denne kunnskapen med deg: Den Herre du tener og trur på er Gud!

.

F. B. Meyer viser til ei anna omsetjing (Revised Version) som er slik: Me er hans, me er hans folk og hans saueflokk. Me er med andre ord Guds eigedom på alle måtar. Og difor har han også retten til oss.

.

Gud har skapt oss. Kristus har kjøpt oss og betalt dyrt. Han er vår hyrding og sørgjer for oss heile dagen. Alt skuldar me han. Vil han ikkje då ta seg av oss, gjet røyst og hjelp som dagen er? Luther sin medhjelpar Melanchton sat sorgtung ved båra åt son sin i 1559 og slo opp Bibelen. Då fall auga på dette verset, og den lærde mannen fann hjelp og trøyst i dei enkle orda. Slik er han for deg nå.

.

Då vert det fødd ein ny lovsong i hjarta, v. 4. Om du har gløymt deg ut i sorga og kjenner deg så nedfor at alt synest å vera mot deg, høyr Guds eiga oppmoding til sitt eigedomsfolk: Gå inn gjennom portane og føregarden til Herrens tempel. Der er Han sjølv. Gå inn og lovsyng han for nåden og hjelpa han har for deg. Lat namnet hans lyda klårt og høgt over folk og land: Han har gjort det!

.

4. Korleis er Gud?

Det svaret finn me i avslutningen her, v. 5. Og det er som ein fasit på alle spørsmål og tvil hjå menneska. Sjå nøye på det, les deg fri og glad om Gud!

.

Han er god.

Han har ein evig nåde og miskunn til oss.

Han er trufast i all æve.

.

Kvar slekt har sett deg. Han har aldri endra seg på noko punkt. Folk kan kritisera Gud og tvila på at han er god og miskunnsam. Ordet seier han er det! Og folk kan lura på om han har gløymt oss i dag, er vår slekt også med i hans frelse og omtanke?

Ordet seier han er det. Tru det – og du har det.

.

Ingen kommentarer: