tirsdag 25. november 2008

88.*

Salme 88.

.

Ei bønesalme av Korahs born og ei læresalme av Heman – til songmeisteren, står det. Heman står som forfattar, men han var ikkje av Korahs ætt, men av Juda stamme. Ein trur difor at denne salma er komen med i ei samling av Korah-songar.

.

Songaren klagar over livet sitt og skildrar korleis han har det. Tre gonger i salma kjem så bøneropet om hjelp. Her skal me stansa litt for bøneropet hans.

.

Heman kan stå som førebilete på Messias, slik David gjer i t. d. Salme 31 og 38. Då les me faktisk om Jesu liding då han var på jord. Han tala og med sin Far om utfriing og hjelp om det var Guds vilje, t.d. i Getsemane.

.

1. Mitt klagerop, v. 2-3.

Bøna hans er ein klage til Gud over kor elendig han er. Og han ropar til sin Gud. Dit kjem han med frimot – for Herren er hans frelses Gud. Han veit det er frelse og berging hjå Herren. Det har han prøvd før og veit at Han ikkje vil svikta sine i nauda.

.

Nå kjem han att. Både dag og natt går tanken og bøna opp til Gud. Slik er det når me er i stor naud. Han synest han er utan von og nærmar seg døden, v. 4ff. Nå sender han opp ei bøn til Gud: Bøy øyra ditt ned til meg! Høyr kor vanskeleg eg har det nå. Om dagen går han og tenkjer slik, og om natta ligg tanken hjå han og tek svevn og ro bort. Korleis vil det gå?

.

Eit slikt rop har likevel ei tru i seg. Han ber ikkje til stokk og stein. Han vender seg til den levande Gud. Og då er det ei lita von att. Han ber av di han har von om svar og hjelp.

.

2. Kvar dag, v. 10.

Gjennom fleire vers har han klaga over nauda han er i, der han ligg i den djupe hola, på mørker stader og i avgrunnar, v. 7. Ja, han kjenner Guds vreide over seg, v. 8. Det tynger han ned og han er einsam. Det er alt uttrykk for hans åndelege naud og vanskar.

.

Då bryt bøna ut på nytt. Auga er sorgtungt av det han opplever. Kvar dag har han bede om hjelp. Han gav ikkje opp, men heldt fram med klage og bøn. Dag etter dag vende han seg til himmelen. Han rettar ut hendene mot himmelen og vil liksom dra Gud ned til seg.

.

Likevel kom det ikkje svar. Då blir det endå tyngre å leva. Han er som i grava, og der er inga hjelp å få. Gud gjer ikkje under med dei døde, v. 11-12. Då må all von vera slutt. Skal han gå inn i æva på denne måten? Han må ha mørke tankar i denne stunda. Kvar ein som har venta slik på bønesvar, veit at det er svært tunge dagar og veker og kanskje år. Kor er Gud nå?

3. Kvifor? V. 14ff.

Den lange ventetida skaper ofte spørsmål i vårt indre. Me ropar til himmelen: Kvifor skal dette henda, kvifor kjem ikkje hjelpa, har du gløymt meg Gud? Heman levde lange tider med denne uro og uvissa i seg, ser det ut til. Det er vondt når Gud ser ut til å skjula seg for ein kristen.

Han held likevel fram med å be, v. 14. Ja, han ropar, som me ofte gjer når me er i stor naud og det er viktig at hjelpa kjem snart.

.

Nå kjenner han døden koma, han er nær dødsriket. Ja, slik er han skapt og har vore det frå ungdomen av, ja frå barndom og morsliv. Jfr. Salme 51, 7 og Johs 3, 6. I ei slik stund er han fortvila. Då kan det ikkje vera nokon redning for meg? Slik tenkjer han og avsluttar si salme med at ”det er berre mørke som kjenner meg”. I denne salma er det ikkje noko svar eller lys i vente, berre ”logane av din vreide slår over meg”, v. 17.

.

4. Jesus.

Nett slik var det med Jesus på jord. Til og med Gud vende seg frå han då syndebørda tyngde han på krossen. I den stunda var det berre mørke utan noko von for Frelsaren. Han måtte gå gjennom dødsdalen og bera Guds vreide for våre synder.

.

Det var først i oppstoda lyset for alvor kom att. Men denne salma rekk ikkje dit. Her er me berre nede i dødsdalen og den djupaste kamp som noko har kjempa på jord. Men Jesus gjorde det for deg og meg, for at me skulle gå fri. Difor er Jesus kamp og naud vår port til fridomen og utløysinga. Det vil me takka han for.

Amen.

Ingen kommentarer: