onsdag 26. november 2008

11.*

Salme 11*

David avviser det råd at han skal frelse sitt liv ved å fly og holde sin sak for tapt, 1-3. Han er i troen på Herrens rettferdighet forvisset om at han vil la straffen komme over hans ugudelige fiender, 4-7.

Salme 11,3.*

David følte det slik: noko var øydelagt, grunnvollen. Eg er redd det er slik nå, eller verre?

Me vert ofte oppfatta som dømesjuke når me peikar på feil i kyrkje og kristenliv. Men lat oss vera realistiske!

Grunnvollane vert nedbrotne:

1. Den norske lov. Her har mykje vorte endra med åra: abortlov, likestilling, samliv, sambuar, homofile. Det ser ut til at nye regjeringar fører til nye lovar.

2. Bibelsynet: er alt Guds ord? Det spørsmålet har vore stilt frå tida i Eden. Mange sår tvil om det i vår tid, ikkje berre professorar og liberale teologar.

3. Rett kristenliv, moral, etikk. Skal Bibelen vera den eine rettesnora?

Kva kan me gjera då? Kva maktar me?

Me kan be. Me kan tigga Gud på kne om nye tider. Og me kan tru Guds ord og visa det mel-lom folk.

Søren Kierkegaard seier: ”Den største kriminalforbrytelse som historia kjenner, er dem ofisielle løgna til kristendomen: at me alle er kristne.”

President Andrew Jackson i USA d. 1845: På dødsleiet peikte han på Bibelen og sa: ”Den boka, Sir, er berget (klippen) som vår republikk kviler på.”


Ingen kommentarer: