tirsdag 25. november 2008

81.*

I salme 81 vers 11 står:
"Eg er Herren din Gud, som førde deg opp frå Egyptarlandet. Lat munnen din vidt opp, og eg vil fylla han."

Her knyter Herren to ting saman. Tanken er denne: Når Gud har gjort store ting før, kan han gjera det igjen.

Asaf skriv ofte ut frå Israel si eiga soge og ser den som prov på kva Gud kan gjera og kva han vil gjera. Den bibelske tanken bak er at Gud alltid er den same - han kan ikkje endra seg.

Her nyttar han den første påske med utgangen frå Egypt som døme. Det er forresten svært ofte brukt av jødane og i Skriftene. Det må vera den største hendinga på denne jord for dei.

Det som skjedde då var dette:
Gud fridde dei ut frå fangenskapet og trældomen i Egypt. Ei ny tidsrekning byrja med den første påsken. Denne frigjeringa kunne berre koma ved at eit lam vart slakta og blodet vart teiknet på at dei skulle bli fri når domsengelen kom. Og dermed byrja den store og lange reisa gjennom øydemarka til Kana'ans land. I denne tida opplevde dei mange under - ja heile ferda var eit einaste under.

Kunne Gud gjera det, er det ikkje noko som er umogeleg for han. Ein Gud som er eit under og gjer under møter aldri ein stengt port.

Moses hadde eit stort problem. Det var unnskyldninga hans for ikkje å vera ein Herrens tenar. Han kunne ikkje tala. Og ein leiar må gjera det.

Då seier Herren Gud: Berre lukk opp munnen din - det kan du! Då skal eg fylla han med mine ord og min tale. I tillegg fekk han bror sin som medhjelpar. Og dei tala til folket som ingen andre, dei var Guds munn her på jorda.

Slik er han i dag også! Han kjem til den einskilde og gir oss det me treng i den oppgåva me har fått. Eg skal fylla deg, seier han nå.

Asaf skriv med tårer og i åndeleg naud: Å, om mitt folk ville høyra på meg, om Israel ville vandra på mine vegar! v. 14. Dei ville ikkje alltid det, og me ser det same i vår eiga tid. Mange takkar nei til bodskapen og lever etter sine eigne tankar og sin vilje. Det er dei som fylgjer Herren og hans ord som får oppleva det siste verset: "Deg vil eg fø med den beste kveiten, eg skulle metta deg med honning frp berget," v. 17.

Ingen kommentarer: