tirsdag 25. november 2008

87.*

Salme 87.

Denne salma er av Korahs born og er kalla både ein song og ei salme. Det er ein lovsong til Sion som Gud elskar. Han har gjort mykje godt for den byen og folket. Herlege ting er sagt om deg, står det, v. 3. Byen vert kalla Guds stad, og han er grunnfesta på det heilage fjellet.

Dette kan stå som eit vakkert bilete på Guds folk i den nye pakta. Guds ord peikar alltid framover til ei ny tid og ei ny pakt mellom Gud og alle folk på jorda. Dei som tek imot og trur på Jesus, får bu i den himmelske byen.

1. Grunnvoll.
Forsamlinga av Guds folk ( kyrkja eller kyrkjelyden/menigheten) har ein fast grunnvoll. Ho er tufta på fjell. Bibelen er klår her som alltid: Fjellet er Kristus. han er grunnvollen for oss. Der byggjer me trua vår og vona om ei framtid i hans himmel. Noko anna har me ikkje.

Paulus skriv klårt om grunnvollen i 1. Kor. 3, 11: "For ingen kan leggja ein annan grunnvoll enn den som er lagd, det er Kristus Jesus." Det same seier Peter etter pinse med lit andre uttrykk: "Det er ikkje frelse i nokon annan. For det finst ikkje noko anna namn under himmelen, gjeve mellom menneske, som vi kan verta frelste ved," Apg. 4, 12.

Bibelen er tindrande klår i frelsesspørsmålet: Eit menneske kan berre bli frelst ved å tru på Jesus. Han er vegen, sanninga og livet, Johs 14, 6. Og denne grunnvoll vart ferdig på krossen då Jesus døydde. Han ropte: Det er fullført, Johs. 19, 30. Det er grunnvollen vår. Då vart synda sona og vegen til Guds himmel opna.

Golgata er eit heilagt fjell for oss som trur. Der såg me frelsa og der fekk me tru. Difor er det heilage stunder å synga og tala om Jesu kross og hans frelsesverk på Golgata.

2. Guds kjærleik.
Bibelen seier at Gud elskar heile verda, Johs 3, 16. Ingen skal vera i tvil om det. Gud elskar også dei som er djupt falne moralsk og lever i synda. Han vil gjerne berga dei heim til seg. Kallet går ut til alle folk og til kvar einskild syndar: Kom.

Likevel er det slik at han elskar Sion meir enn alle andre stader, v. 2. Guds barn får ein ekstra kjærleik, for dei er hans eigedom på ein personleg måte. Det er å likna med ei kone som elskar mannen sin meir enn nokon annan ho kjenner, sjølv om ho er snill med alle ho møter. Og mannen har høgare tankar om kona si enn om alle kvinner han møter kor dei er. Ho er noko heilt spesielt for han. Det er indre og "heilage" band mellom dei. Slik og endå meir er Jesus for dei truande. Me er med i hans inste krins.

Difor seier Gud så mykje fint til og om oss. Guds ord fortel at me er Guds arveingar og Kristi medarvingar. Bibelen seier at Guds eigne englar i himmelen er sende ut for å hjelpa oss i livet. Hebr. 1. Og Jesus sa at han er med oss kvar dag, og til slutt vil han ta oss heim til sin himmel. Herlege ting er sagt.

3. Me er fødde der.
Guds born er fødde i Sion, v. 5. Det må tyda at me er ekte og sanne innbyggjarar av Guds rike. Det leier tanken til Jesu ord til Nikodemus: Du må fødast på ny for å sjå og å koma inn i Guds rike. Johs. 3. Herren sjølv skal gjera det fast, og då kan ingen rokka ved det.

Han skal også telja sitt folk, skriva dei opp i manntal. Han veit kven som er Guds barn og kven som er hyklarar og farisearar. Og han vil berre han dei sanne truande inn i sin himmel. Og det må me bli her på jorda.. Det er for seint når døden kjem og hentar oss.

I Guds rike er det song og jubel nettopp om denne frelsa. me opplever også at me treng ikkje noko anna når me eig Jesus. "Alle mine kjelder er i deg," syng dei. Ein seinare songar har sagt det slik: "Når eg og Jesus åleine er, då ynskjer eg ikkje meire her!" Evangeliet om Jesus kan tilfredsstilla oss heilt og fullt. Då brukar me ikkje surrugat. Eg hentar ikkje frelsesglede frå verda og ikkje visdom frå dei verdslege filosofane og forfattarane. Me hentar det frå Gud sjølv og hans heilage ord. For det kan gjera oss vis til frelse ved trua på Kristus, 2. Tim. 3, 15.

Ingen kommentarer: