tirsdag 25. november 2008

62.*

62, 8-9. 17. mai.

17. mai er nasjonaldagen vår. Då fekk me grunnlova og fridomen att. Året var 1814. Då hende mykje. Året vart t.d. avslutta med fridom for hans N. Hauge, den 23. des. fall domen. Han skulle betala 1000 riksdalar i bot. Dette året byrja med ein spesiell bededag i februar. Folk skulle be om at landet vart fritt. I den samanheng var det tre hendingar me minner om her:

.

a) Det gjekk bod ut til alle bygder og byar: Dei skulle ha valgdag og bededag for landet. Dei skulle velja utsendingar til forsamlinga på Eidsvoll der ny grunnlov skulle skrivast. – Men bodet nådde ikkje fram til alle i nord. Dei skulle møta 10. april, men ingen kom frå Nord-Noreg.

.

b) Professor Georg Sverdrup i Oslo skulle reisa nordover til Eidsvoll med skyss. Han bytte skyyshar og hest fleire gonger på vegen. På Råholt fekk han den siste skysskaren som spurde: Kor skal denne karen hen? Jo, eg skal til Eidsvoll og skriva grunnlov, me skal få eit fritt Noreg. Å, sa mannen, Kva du enn gjer, så hugs: Gud er attåt! Dei hadde vyrdnad for Gud og rekna med han.

.

c) På valdagen i Oslo hadde dei bededag 25. februar, og då var teksten Salme 62, 8-9: Hjå Gud er mi frelse.

Det var ingen utsending frå Nord-Rogaland eller Haugalandet på Eidsvoll. Den næraste var presten på Rennesøy. Men på det første Stortinget same år vart Rasmus R. Viland frå Vikedal valt, og han tala svenskane midt imot.

.

I teksten frå Salme 62 er Gud nemnd tre gonger. Han er skapar og held oss oppe. Soga viser at det går galt når folket gløymer Gud. Det skjer kanskje ikkje straks, men i lengda er det slik. Salme 14 og 53 seier: Dåren seier: Det er ingen Gud.

.

Nå gjeld det både fedrelandet og den einskilde: Hugs at Gud er attåt!

.

1. Gud er frelsar.

a) Slik er det nasjonalt. Folk må rekna med Gud i politikken. Det tyder m.a. at me ikkje skal gå mot det Gud har sagt om folket og livet. Hans vilje må skje.

b) Det gjeld i kyrkje og misjonsarbeid. Me må ikkje berre leggja planar og staka ut ein kurs me trur er bra. Me må lytta etter Guds vilje og fylgja det Ordet seier. Apg. Har gode prinsipp om arbeidet. Dei ba mykje når noko nytt skulle skje. For dei visste: Gud er attåt! I v. 2 står det t.d.: Berre i von til Gud er mi sjel stille. Arbeidet er ikkje likt alltid, men det må vera etter Guds Ande.

c) Personleg frelse talar og Bibelen om. Det er ikkje nok å ha medlemsskap i kyrkja. Gud vil frelsa deg og oss alle personleg. Frelsesverket må bli mitt. Det er då me er frelste og går heim til himmelen.

.

2. Gud er mi ære og min herlegdom.

Kva er vår ære i livet? Det er det me er kjende for og stolte av. Kva set eg høgast her i verda?

Då seier eit frelst menneske: Eg er ein kristen! Det vil eg vera kjend for. Eg høyrer Gud til, trass i at eg er skrøpeleg og vesal. Alt anna blir støv og smått.

.

Kan folk seia om oss: Han og ho er ein kristen! Det er det beste vitnemålet. Det vil me rosa oss av og ha som vår største herlegdom. I verda er det mange som har heilt andre ting dei synest er stort.

.

I 1. Kong. 15, 11 les me om kong Asa: Han gjorde det som var rett i Herrens augo, liksom far hans David hadde gjort. Det er eit fint vitnemål om eit menneske. Det er mykje som er rett i våre augo og andre menneske sine tankar. Det som gjeld er å leva etter det som rett for Gud. Folk såg det og visste at David var slik, sjølv om han og alle andre hadde sine svake sider.

Kva er vår ære?

.

3. Gud er mitt sterke fjell og tilflukt.

Det er godt å ha ein sterk grunnvoll når alt anna sviktar. Og det er mykje som ramlar saman både i oss sjølve og i samfunnet. Då har Guds barn eit fjell som står. Gud er min ”klippe”!

.

Det er som Gilbraltar. Heile fjellet er uthola og der er ein sterk festning. Der er tilflukt og der er folk trygge. Difor kan me syngja med frimod:

.

Ingen er så trygg i fare, som Guds lille barneskare…

.

Ingen kommentarer: