onsdag 26. november 2008

39.*

Salme 39, 13. Bøn.


Det står mykje om bøn i Bibelen. Og prof. Hallesby skreiv om bøn i boka: Fra bønnens verden. David hadde ei indre uro. Livet var vanskeleg og tomt og han visste han hadde synda.

.

Då gjekk han i bøn. Det er eit kjennemerke på åndeleg liv. Den døde talar ikkje og gjer ikkje nokon. Det gjer den som lever og det viser at det er liv. Slik er bøna for ein kristen. Bøna er ein naaturleg del av truslivet med Gud.

.

Jesus spør ein dag: Når Menneskesonen kjem, mon han då finn trua på jorda? Luk. 18, 8. Då har han nett tala om bøn. I v. 1 seier han: Dei skulle alltid be og ikkje verta trøytte. Er det trua på bøn han ikkje finn? Kor står vår gradestokk i dag?

Her vil me seia litt om bøna:

.

1. Bøn er nåde.

Det tyder m.a. at me ikkje har nokon rett i oss sjølve, korkje til å be eller å få svar. Ludvig Hope skriv i andakten for 16. mars om Marta og Marta som sende bod til Jesus, Johs 11, 22. Så skriv han: ”Når nøden stiger innom deres dør, så synes søstrene det er nok bare å la ham vite hvordan det står til. Å be ham om å komme eller si hva han skal gjøre, falt dem ikke inn. Det var rent selvsagt for dem at han både ville komme og hjelpe.”

.

En slik tillit til Herren er en rett Guds barn har. Me kan leggja alt i Guds hand og be i Jesu namn. Han veit kva som tener oss best, og me treng ikkje å fortelja han noko om det. Me veit likevel så lite. Svaret er Guds eiga sak.

.

2. Bøn er oppgåve.

Jesus ber oss likevel om å be. Han gir oss nærast eit påbod om det, i Mat. 7, 7: Be! Det er ei oppmoding. Eit imperativ. Ordet be tyder her å spørja, slik det er omsett på engelsk. Han ber oss om å be, å leita og å banka på. Det er altså fleire måtar å be på. Og det er mange vers om bøn i Bibelen.

.

Paulus skriv til dei kristne i Tessalonika: Be utan opphald. 1. Tes. 5, 17.

Til kolossarane skriv han: ”Ver vedhaldande i bøna, så de vaker i bøn med takk til Gud. Be for oss og, at Gud må opna ei dør for Ordet, så vi kan forkynna Kristi løyndom. For det er for den eg no er i lekkjer, Bed om at eg kan openberra han ved å tala som eg bør.” Kol. 4, 2-4.

.

Me får altså m.a. ei oppmoding til å vaka i bøna – for møta og for predikantane og for dei kristne – og for alle dei som lever i verda. Ved å be kan me vera med å opna dører for evangeliet. Det er Gud som må gjera det, men me kan be Gud om det.

Vil du lova å be Gud om det nå?

.

3. Innhaldet i bøna.

Slik skal de be, sa Jesus i Mat. 6, 9. Han hadde vist dei døme på ei feil bøn, og då lærte han dei den rette bøna – Fadervår. I den bøna er det mykje. Her skal me berre minna om to av bønene der.

.

a) Guds rike. Det er ikkje ein organisasjon eller ei kyrkje. Guds rike og den rette kyrkja er frelste syndarar. Når me be om at Guds rike må koma til oss, tyder det at fleire menneske her må bli frelst. Me er ikkje frelste av natur, og det er ikkje naturleg for oss å vera det heller. Gud må senda sin Ande for å vekkja syndarane før dei kan bli Guds born.

.

Og så utvidar me bøna til å gjelda alle land og folk i verda. Evangeliet må nå ut til andre. Og ordet om Jesus må nå inn i hjarta og ikkje berre i vit og forstand. . I ein sang syng me: ”Alle, alle må se – den herlige Frelser vi eier, må alle, alle ham se!” Det er ei stor og lang bøn.

.

b) Guds vilje. Den finn me i Guds ord, i Bibelen. Når me be om at Guds vilje må skje i oss og kring oss, så be me om at bodskapen i Bibelen må få meir makt i folket. Og det tyder at folk må bøya seg for Guds ord. Det svir når Gud dømer synda vår og ber oss å venda om til han.

Men då kjem Guds rike! Kvar gong ein syndar vender om og tru på Jesus, veks Guds rike.

Og då seier me som David i salmen: Høyr min bøn, Herre!

.



Ingen kommentarer: